Kommentar til innhaldslista.
Dette oversynet over innhaldet i NST er henta frå eigne
bibliografifiler, og skil seg såleis noko ut frå det heftet som er til
sals gjennom foreninga. Alle sjølvstendige artiklar er med, men som det går
fram av oversynet er dei sorterte bandvis etter forfattar - og altså
ikkje etter sidetal. Likeeins har eg i dette oversynet inkludert det
utvalet eg personleg har gjort av bokmeldingar og svar på spørsmål som
har vorte stilte i NST. Med omsyn til bokmeldingar og spørsmål/svar er
dette utvalet altså ikkje på langt nær komplett, og det er naturleg på
sikt å innarbeida eit fullstendig oversyn over desse også. Det vil
likevel ikkje verta gjort i første omgang. Eg vonar likevel at dette
oversynet vil vera nyttig for alle som kan tenkjast å lesa Norsk
Slektshistorisk Tidsskrift. I tillegg til det bandvise oversynet nedanfor,
har eg laga eit forfattarregister i tillegg.
Innhold NST
Forfatterregister NST
Det er også tilgjengeleg innhaldsforteikningar
for Genealogen samt forgjengaren Norsk Slektshistorisk Forening:
Medlemsblad.