Etter eit dokument fra 1587, utferda i Bergen, selte Sæmund Sjurson på Myklebust i Borgund 2 mællag i Nedregarden Synes til ærlig mann
Povel Hilliesen, lagmann i Bergen, på kona hans sine vegner.
På foten av dette skøytet er innført
Sæmund Møklebostads etleg som han regnir seg til dette effter.ne gods Wig; Halle: Wlffsten, Voxøy.
Øvst i ættleggen står stamfaren
Martein Andersen Rauffn.
Til venste nedanfor:
Siri, hans eposse / aatte en dtr.dtrnemlig
Ingerid paa Skeedeog under Ingrid
Siurd paa Hellesemog endelig
Semund MøklebostadTil høgre nedanfor stamfaren står:
oc en frille / aatte ein uæcte sonnemlig
Karll paa Skeedeog under Karl
Siurd paa Skeedeog endelig
Beritte / bleff gifft til Finmarch / oc siden døde i RumsdalUnder ættleggen står
Thene forscr. Halle er bytt udi Ulfsett med Giske gods.
I tekst kan dette leggast ut slik: Martin Andersson Rafn var gift med Sigrid og hadde dattera Ingrid på Skeide med ho. Ingrid på Skeide var mor til Sjur på Helsem, far til Sæmund Sjurson på Myklebust. Med ei frille hadde Martin Andersson Rafn ein (uekte) son Karl på Skeide, far til Sjur på Skeide, som i sin tur var gift med Beritte.
I eit brev dagsett Aukra, 8. februar 1590 vitna lensmannen og fire lagrettesmenn at det hadde vore ei kvinne i Romsdal, Beritte Sjursdotter, som ikkje hadde barn, korkje søner eller døtre eller noken arving
uden en mand paa Sundmør ved navn rige Semund, den bekjender hun for sin arving og ingen anden.
Rimeligvis var Sæmund Sjurson og Berit Sjursdatter halvtremenningar, med Martin Andersson Rafn som sams oldefar. Då Berit Sjursdatter døydde, trulig i 1580-åra, hadde ho ingen andre arvingar enn Sæmund Sjurson på Myklebust. Dette vil seie at heile etterslekta til Karl Martinson på Skeide var utdøydd, og at Ingrid Martinsdatter på Skeide bare hadde sonesonen Sæmund etter seg. Av ymse dokument går det fram at Sæmund hadde sønene Peder og Sjur.
Sæmund Sjurson kan ha vore fødd kring 1520, oldefaren Martin Andersson Rafn i første halvdelen av 1400-tallet. Oldefaren var nok lik den
Martein rampn som i erkebisp Eskild si tid måtte bøte 7,5 månadsmatbol til erkestolen
fire abrot sin oc grofua skuld som han war kirkionne skyldugher (AB, side 134A). Frillesonesonen til Martin Rafn var lagrettesmann i Ulstein i 1507:
http://www.dokpro.uio.no/perl/middelald ... 4&s=n&str=Når det gjeld det jordegodset som Rike-Sæmund rekna seg til etter oldefaren, Vik, Halle og Voksa i Sande sokn og Ulstein i Ulstein, veit vi at Berit Sjursdatter må ha eigd i Halle som ho bytta vekk mot Julset (Ulfset) i Romsdal. Denne parten i Julset, 1 pund smør, arva Sæmund. Ellers fikk han ikkje tak i noke av det andre godset.
Skale ein leite etter Martin Rafn sine etterkommarar kan ein altså avgrense søket til Sæmund Sjurson si etterslekt. Denne er dessverre lite kjent. Han hadde to søner, det er visst, men han kan også ha hatt døtre. Eg har ein sterk mistanke om at den jordrike lensmannen i Rovde skipreide i første halvdelen av 1600-tallet, Simon Sjurson på Leikong, kan ha vore ein soneson av Rike-Sæmund, men eg har ikkje noke prov anna enn at han høver godt både namnemessig, kronologisk, sosialt og økonomisk.