Hjelp:Koordinatar

Fra Slektshistoriewiki
(Omdirigert fra «Hjelp:Koordinater»)
Hopp til navigering Hopp til søk

(Kopiert fra Lokalhistoriewiki.)

Geografiske koordinatar brukast for å gi plasseringa av ein stad i bredde- og lengdegrader. Koordinatane vert anten oppgitte i gradar, minutt og sekund eller som desimaltal.

Mal:Koord ramme

Det går an å legge inn geografiske koordinatar i artiklar. Når lesaren klikkar på posisjonen, blir det opna ei side med lenkjer til ulike karttenester. Klikkar lesaren på ei lenkje, vil eit kart med posisjonen markert visast. Slik legg vi inn posisjonen:

  1. Skal du koordinatfeste heile artikkelen / biletet, så legg inn malen {{artikkelkoord}}, helst nede i artikkelen saman med kategoriane. Skal du berre koordinatfeste ein opplysning i ein artikkel nyttast malen {{koord}}. (Veit du alt posisjonen, gå rett til punkt 4 nedanfor.)
  2. Om du ikkje veit posisjonen, kan du bruke Norgeskart (Kartverket) til å finne han. Posisjonen står i infoboksen som kjem opp når du har søkt på det aktuelle stadnamnet og klikka på det. Du kan òg sette muspeikaren over staden du vil plassere; da vil posisjonen i desimalgradar visast nedst til venstre i vindauget.
  3. Du kan óg bruke Google Maps. Ved å høgreklikke på punktet får ein opp gradane i eit felt, og kan kopiere desse. Dei kommer i forma 59.928372,10.717715, som vil seie 59.928372 N 10.717715 Ø. Alle posisjoner i fastlands-Noreg er på nordleg breddegrad, østleg lengdegrad.
  4. Om du kjenner posisjonen i desimalgradar (f.eks. 63.17595), treng du ikkje å konvertere til gradar, minutt og sekund. Legg i staden desimalgradane rett inn i malen, til dømes {{artikkelkoord|59.912988|N|10.717865|Ø}}.
  5. Veit du alt den geografiske posisjonen i gradar, minutt og sekund N så vel som E, kan du legge han inn i malen slik:
    {{artikkelkoord|[gradar]|[minutt]|[[sekund].[sekunddesimalar]|N|[gradar]|[minutt]|[sekund].[sekunddesimalar]|E|type:landmark}}
    — i praksis for eksempel:
    {{koord ramme|63|10|33.42|N|7|49|57.864|E|type:landmark}}
    Merk at vi legg inn sekundposisjonen med desimalar for å få meir nøyaktig plassering. Dette gir resultatet vi ser øvst til høgre på denne hjelpesida.

Til kva for eit punkt skal ein legge koordinatane?

Koordinatane viser til eit heilt spesifikt punkt, og mange gonger er det ikkje slik at det ein skriv om handlar om berre eit punkt, men om eit større område. Det som er viktig å tenke på er kva lesaren vil få sjå når ho eller han går inn i eit kart, og kvar ho eller han vil ende opp om koordinatane nyttast til GPS-navigering.

Her er nokre råd for kva for punkt ein bør velje:

  • Bygningar: Anten hovudinngangen eller nær bygningnens midtpunkt.
  • Historiske bygningar: Så nær som mogleg til staden bygningen sto.
  • Gardar: Ved / på hovudbygningen.
  • Tettstader/bygder: Der det finst eit rådhus er det oftast rekna som punktet ein måler ut frå. Ellers må ein velje eit naturlig sentrum.
  • Kommunar: Rådhuset/kommunehuset. Kartverket har vald dette punktet på Norgeskart, så der finn ein lett plasseringa.
  • Parker: Anten hovudinngangen eller eit naturlig sentrum.
  • Plasser: Nær midtpunktet.
  • Gater og veger: Nær byrjinga på vegen (nr. 1).
  • Elver og bekker: Anten ved utspring eller ved utløp.
  • Innsjøer / vatn: Nær midtpunktet.

Sjå også