Torsvik (gård i Masfjorden sogn): Forskjell mellom sideversjoner

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side)
 
mIngen redigeringsforklaring
 
(2 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''G.nr. 6 - TORSVIK'''
'''G.nr. 6 [http://norgeskart.no/#!?project=seeiendom&layers=1002,1014&zoom=12&lat=6786074.17&lon=-30909.00 TORSVIK]'''


<br />
<br />
Linje 43: Linje 43:


<br />
<br />
Kilde : [http://www.masfjorden.kommune.no/ Masfjorden kommune] / [http://www.masfjorden.kommune.no/masfjordsoga/index.html Masfjordsoga]
Kilde : [http://www.masfjorden.kommune.no/ Masfjorden kommune]




[[Kategori:Gårder i Masfjorden]]
[[Kategori:Gårder i Masfjorden sogn|Torsvik]]

Siste sideversjon per 3. jul. 2017 kl. 11:35

G.nr. 6 TORSVIK


Um namnet seier O. Rygh: porsvik av namnet porir. “Naboskapet Frøisæter” kan tala for at det hev samanheng med gudenamnet porr.


Skrivemåtar i eldre tid: 1604 Thorsuig. 1624 Torsuig. 1645 Thoresuig. 1657 Torsuigen. 1666 Thorswig. 1691 Torsvig. Matrik­lane: 1665 Torsvig. 1718 Torsviig. 1723 Torsvik. 1886 og sidan Torsvik.


Grensor: I sud til Risnesstraumen, i vest til sundi millom fastlandet og øyane, i nord til Rambjørg og i aust til Tangedal og Frøyset.


Eigedomstilhøvi: Garden høyrde til Bildegodset 1624. Christopher Gøe var vorten eigar 1648. Bispen (Schieldrup) 1664/68. Thomas Schieldrups arvingar 1686 og 1691. Johan Madsen 1696 til 1718. E. etter Madsen vert g.m. amtmann Frimann, og eigedomen gjeng yver til han. 1745 er e. etter Frimann eigar. 1772 er prest til Lindås, Ludvig Daae, eigar. Ved skifte etter Ludvig Daae og frua 1788 vart garden utl. på dotri, Brithe Munthe Daae. 1796 vart løytnant, seinare major Christian Brügger g.m. Brithe Munthe Daae, og sidan hev garden vore i ætti etter Brügger, med undantak av b.nr. 2 som no er i lensmann Holmaas si eiga.


Ved skifte etter major Brügger vart garden utl. på einaste sonen, Hans, for 500 spdl. og so skulde han svara kår til mori: “Hvert aar ved Mikeli tider af mig (Hans) at fordre frit leveret et slakte­kreatur, der ikke skal være eldre enn 10 Aar og vekt ikke under 4 Voger - til lige - med en voksen gjeldbuk og en do. vedder.” Dette var i erstatning for dei krøteri som ved skifte etter majoren vart utl. på e., og som ho yverlet til sonen. Noko anna kår er ikkje nemnd, og det fekk ho heller ikkje, då ho fekk eit heilt gardsbruk på Hosteland.



Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645. Thoersuig. Hans Olsen. Ko: Guri. Th. Th.s Kari. Hunsmand Oelle. Ko: Marite.


Kvegskattmanntal 1657. Torsuigen: Hans 1 Hest, 1 Oxe, 5 Kiør, 5 Gieder, 6 Faaer.


Skattmanntal 1666. Torswigh. Skylder Smør 2½ Pd. Gullich bruger alt 32 Aar g. Stiffsønner: Ole Hansen 8 Aar, Claus 5 Aar, g. Tienestedreng: Johan Knudsen 20 Aar g.


Matrikel etter reskript frå 1665: Torsvig: Giver Landskyld Smør 2 1/2 Pd. Saar 3 Td., afler 10 Td. Føder 16 Niød, 1 Hest. Kan eiende 1 Td. Leding, Fredtold, Giengjer og vedpenge 1/2 Rdl. 13 sk. Smaatiend 8 sk. Kand Schatte af 1 Løb Smør. Brendeschouf och noget til Huusbehoef.


Manntal 1701: Torsvig. Gullich Olsen 44 Aar g. Reserv (soldat) uppgjeven 1701. Han skulde då vera 67 år gamal.


Prøvematrikel 1721: Torsvigen: Ole Iversen. Skyld 2 Pd. 2 Mk S. Saar 3 Td., høster 10 Td. Føder 15 Nøed, 23 Faar, 1 Hest. Proprietærgods, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden, lidt Bierke- og Furubrendefang samt til gjerdsel. Udgifter 7 Rdl. 2 Mk. 8 4/5 sk.


Matrikeltaksten 1723. Torsvig: 2 Pd. 12 Mk. S. Amptmand Frimann med bøxel tilthørende. Intet Husmandsede. Intet Sætter. Brendeskoug og furuskoug til husfornødenhed. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 6 Mil fra Bergen. Ringe kornart og skels letvunden. Saar Havre 3 Td., afler 10 Td. Føder 13 Kiør, 4 Ungnød, 2 Faar, 1 Hest. Takst efter gammel Matrikul 2 pd. 24 mk. s. Siger 1 Løb Smør. Lever af Qvegets afling og lidt brendefang at selge.



Kilde : Masfjorden kommune