Peder Kåre Nonås: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 14: | Linje 14: | ||
[[Kategori:Biografier]] | [[Kategori:Biografier]] | ||
[[Kategori:Norske krigsseilere under andre verdenskrig]] | [[Kategori:Norske krigsseilere under andre verdenskrig]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Shetlandsgjengen]] | ||
[[Kategori:Våre falne]] | [[Kategori:Våre falne]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1924]] | [[Kategori:Fødsler i 1924]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1943]] | [[Kategori:Dødsfall i 1943]] |
Sideversjonen fra 14. mar. 2020 kl. 16:24
Peder Kåre Nonås (født 23. juni 1924 i Moster, død 24. april 1943 i Skottland)[1] var ein norsk krigsveteran frå andre verdskrig.
Krigstjeneste
Nonås forlot Norge om bord på faren sin farty M/B «Eli». I lag med 5 andre drog han ut frå Brandasund 2. januar 1942, men måtte søkja naudhamn som følgje av uver. Drog ut att 4. januar og gjekk vestover i hardt ver der dei måtte setta segl for å forsøka å stabilisera fartyet. Kom til Shetland nær Lerwick den 6. januar.[2]
I Storbritannnia gjekk Nonås inn i Handelsflåten og tok hyre på D/S «Malmanger» som jungman 5. februar 1942. D/S «Malmanger» vart torpedert 9. august 1942 og Nonås var blant dei som vart redda i land i Vest-Afrika der han vart internert 18. august 1942. Han vart frigitt og sendt til Freetown, Sierra Leone der han ankom 18. desember 1942.[3]
Nonås vart 11. februar 1943 innrullert i marinen og kom i teneste i Shetlandsgjengen.[3][4] 24. april 1943 omkom Nonås, og tre andre, under transport av ein båt frå Findhorn til Burghead.[1][5]
Referanser
- ↑ 1,0 1,1 Våre falne - Tredje bok (1950) s. 424.
- ↑ Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 306-307.
- ↑ 3,0 3,1 Peder Kaare Nonås, krigsseilerregisteret.no, vitja 6. mars 2020.
- ↑ Asgeir Ueland, Shetlandsgjengen – Heltene i Nordsjøen, Kagge Forlag (2017) s. 405.
- ↑ Asgeir Ueland, Shetlandsgjengen – Heltene i Nordsjøen, Kagge Forlag (2017) s. 328.