Riddarane av Losna (bok): Forskjell mellom sideversjoner

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{Infoboks litteratur | bilde = | bildetekst = | tittel = '''Riddarane av Losna''' | forfatter(e) = Losnegård, Gaute | bidragsyter = Gjerland, Berit<br>Nedrebø, Yngve<br>Losnegard,…)
 
mIngen redigeringsforklaring
Linje 47: Linje 47:
==Referanser==
==Referanser==
{{Referanser| }}
{{Referanser| }}
==Se også==
*[[Losna (slekt)]]


==Eksterne kilder==
==Eksterne kilder==

Sideversjonen fra 20. jun. 2021 kl. 07:09

TittelRiddarane av Losna
Forfatter(e)Losnegård, Gaute
BidragsyterGjerland, Berit
Nedrebø, Yngve
Losnegard, Kåre Magne
UtgiverSelja forlag
UtgivelsesstedFørde
Årstall2003
Sideantall208 s.
SpråkNorsk (nynorsk)
NoterInneholder også romanen
Ringen og brevet av Rolf Losnegård
og biografisk materiale om Erlend Filippusson,
Eindride Erlendsson og Erlend
Eindridesson
BibliotekkatalogOria

Historiker Gaute Losnegård (1970–)[1] ga ut Riddarane av Losna[2] i Førde 2003.

Den norske middelalderslekten Losna var eier av setegården Losna i Sogn. Boken forteller om tre riddere knyttet til Losna på 13- og 1400-tallet, og inneholder både skjønnlitterære og faghistoriske tekster. Den er lettlest og rikt illustrert, og fungerer som en enkel innføring i temaet for folk uten detaljkunnskap. Slektens opphav settes i sammenheng med St. Clair-ætten i Skottland. Forfatternes syn på omfanget av slektens jordegods er diskutabelt. Anmelderen ønsket en bredere utredning om slektens politiske posisjon.

Omtaler og anmeldelser

Historiker Frode Hervik (1976–) anmeldte Riddarane av Losna i Genealogen 2003.[3]

«Riddarar frå mellomalderen vekkjer kanskje ofte assosiasjonar til kontinentet, men også Noreg hadde sine høviske riddarar. Tre av dei fremste mennene i Noreg i si tid var nært knytt til Losna i noverande Solund kommune i Sogn. Boka om Losna-riddarane er spesiell fordi ho inneheld både faghistoriske og skjønnlitterære element der føremålet er å skape ei levande forteljing om dei tre riddarane av Losna, nemleg Erlend Filippusson, Eindride Erlendsson og Erlend Eindridesson (far, son, og soneson), som levde på 1300- og 1400-talet. Hovuddelen av boka er eit biografisk verk om desse tre, men forfattarane set også dei tre riddarane inn i si samtid, både i nasjonal og internasjonal samanheng.

Dette gjer boka lett å lese for folk som ikkje har detaljkunnskap om mellomalderen. Historikaren Gaute Losnegård har skrive mesteparten av boka medan arkeologen Berit Gjerland har skrive om Losna i mellomalderen basert på arkeologiske funn. Den skjønlitterære delen er skriven av Rolf Losnegård, forfattar av mellom anna Losnaspelet «Herr Eindride til Losna». Såleis vert boka ei blanding av ulike sjangrar. Det kan diskuterast kor vidt den skjønlittære delen burde vore med, men fordi den er klårt skild frå den faglitterære framstillinga er det ikkje noko problem å skilje fakta og fiksjon. Boka er rikt illustrert med bilete, teikningar og kart.

Opphav og ætt

Riddarane av Losna gjev seg ikkje ut for å vere ei slektsbok, og i omtalen av ætta er forfattarane kritiske til mykje av den spekulative slektslitteraturen. Forfattarane er vidare kritiske til nemninga «Losnaætta», som har vore brukt av historikarar sidan 1800-talet, fordi det berre var den fyrste av dei tre, Erlend Filippusson, som kan seiast å ha hatt eit nokolunde fast tilhaldsstad på Losna. Likevel understrekar dei at ætta synest å ha hatt eit sterkt band til Sogn generelt og Losna spesielt.

Når det gjeld ætta sitt opphav, så vert det sett fram ein ny, spennande teori om eit band til fornemme St. Clair-ætta med baronar i Skottland og jarlar på Orknøyane. Dette kapittelet er skrive av medforfattar Yngve Nedrebø. Bandet mellom ættene vert grunngjeve med likskapen mellom våpenskjolda deira, samt at namnet Filippus (Philip), som var sjeldan i Noreg, var rimeleg vanleg i britiske område. Det vert understreka at det truleg ikkje dreier seg om eit nært slektskap til baronane og jarlane, men at Losnaætta snarare stod i eit klientforhold til den mektigare St. Clair-ætta. Dette er det mest spekulative, men samstundes det mest spennande kapitlet i boka.

Politiske aktørar

Dei tre Losna-riddarane var sentrale i riksstyringa som medlemmar av riksrådet (regjeringa), og boka følgjer dei gjennom deira deltaking i dei store hendingane i norsk og nordisk politikk frå 1380-åra til 1450. Det dreier seg mellom anna om Kalmarunionen, krig mot hanseatane, opprør, kongeavsetjing og strid om kongeval. Forfattarane held seg nøkternt til det norske diplommaterialet og generelle norske historieverk når dei politiske hendingane vert skildra. Når det gjeld kjeldene har dei ikkje nytta danske og svenske kjelder som kan fortelje meir om det politiske livet til Eindride Erlendsson. I 1416 deltok han på eit møte i Vordingborg (Repertorium Diplomaticum Regni Danici Mediævalis III, s. 220). Han er nemnd på eit forliksmøte der det vart slutta fred mellom dei nordiske rika og Holstein (Sveriges traktater med främmande makter III s. 14–20), noko som tyder på at Eindride sjølv deltok i krigen mot holsteinarane.

På 1430-talet mekla han saman med andre norske og danske stormenn i konflikten mellom kong Erik og det svenske riksrådet (Sveriges traktater med främmande makter III s. 124–126 og 147–156). Forfattarane kunne og med fordel ha bygd på ein breiare litteraturgjennomgang av det som er skrive om politisk historie i perioden der Losnariddarane er sentrale politiske aktørar. I åra 1434–1442 rådde det ein svært kaotisk politisk situasjon i Noreg. Opprør herja i Sverige og spreidde seg også til Noreg. Etter kvart opphørte kongemakta å fungere, noko som gjorde at riksrådet måtte overta det meste av riksstyringa, og det vart og utnemnd ein drottsete (kongen sin stadfortredar og riksrådsleiar). Korleis opptredde Eindride Erlendsson og Erlend Eindridesson i denne posisjonen for å styrkje sine maktposisjonar? Var det eit motsetningsforhold og eventuelt ein intern maktkamp mellom dei på den eine sida og drottseten Sigurd Jonsson på den andre? Forfattarane kunne med fordel analysert Losna-riddarane som politiske aktørar mellom anna i høve til desse spørsmåla.

Jordegods

Det har versert spekulative myter om at Losnaætta åtte 1⁄24 av alt jordegods i Noreg, altså at ætta var umåteleg rik på jordegods. Seinare har det vore hevda av Anders Bjønnes med fleire at ætta i realiteten kan ha vore ei nokså godsfattig ætt (Norsk Slektshistorisk Tidsskrift XXXIV, 1994). Forfattarane av Riddarane av Losna polemiserar mot det siste synet. Jordegodset til Losnaætta låg svært spreidd, og dei argumenterer med at dess meir spreidd jordemassen var, dess større var han. Truleg er det ikkje alle som vil gå god for dette argumentet, og boka kan såleis stimulere til debatt på dette punktet.

Trass i nokre kritiske merknader meiner eg at Riddarane av Losna er ei flott og spennande bok som er vel verd å lese for alle med interesse for lokalhistorie i Sogn og Fjordane og alle som er generelt interessert i eldre norsk historie. Det er ikkje kvar dag det vert utgjeve bok om norske, høviske riddarar. Frode Hervik»

Referanser

  1. Gaute Losnegård (Wikipedia.no).
  2. Losnegård, Gaute. Riddarane av Losna, Selja forlag, Førde, 2003.
  3. Hervik, Frode. «Spennande om norske riddarar», Genealogen, hefte 2, 2003, s. 57–58.

Se også

Eksterne kilder

Litteratur

  • Losnegård, Gaute (2003). Riddarane av Losna. Selja forlag, Førde –  208 s.