Nils Due: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Nils Arctander Due''' (fødd 24. juni 1911 på Notodden, død 28. juni 1998 i Oslo) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig. == Krigsteneste == Due deltok som frivillig…) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Nils Arctander Due''' (fødd 24. juni 1911 på Notodden, død 28. juni 1998 i Oslo) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig. | '''Nils Arctander Due''' (fødd [[24. juni]] [[1911]] på Notodden, død [[28. juni]] [[1998]] i Oslo) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig. | ||
== Krigsteneste == | == Krigsteneste == |
Siste sideversjon per 20. mai 2024 kl. 07:58
Nils Arctander Due (fødd 24. juni 1911 på Notodden, død 28. juni 1998 i Oslo) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.
Krigsteneste
Due deltok som frivillig for Finnland i Vinterkrigen og gjorde teneste i feltoget i Noreg våren 1940.[1][2]
Han forlot Noreg i november/desember 1940 og etter ei reise jorda rundt kom han til Storbritannia 24. juni 1941.[1][2]
I Storbritannia vart han rekruttert til teneste for Special Operations Executive og gjorde teneste i Kompani Linge frå 1. november 1941 til 22. juni 1943. Han søkte seg då over til Fallskjermkompaniet.[1][2]
I mars 1944 vart han overført til Etteretningstenesta og stilt til rådigheit for SIS.[1][2] I lag med Karl Nesfossen vart han 8. desember 1944 sendt til Noreg med KNM Hitra for å etablera SIS-stasjonen Pommac.[2][3][4][5] Han var operativ med Pommac/Sissel til freden.[5][6]
Referanser
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 RA, Nils Arctander Due - Rulleblad.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 NHM, Nils A. Due - P.9 Agents' Training Sheet.
- ↑ NA, Shetland Bas Ops Log Sheets (trip 34).
- ↑ Henrik O. Mongstad, Krigsminne, Historia Scripta (2013) s. 29-30.
- ↑ 5,0 5,1 Bjørn Rørholt i samarbeid med Bjarne W. Thorsen, Usynlige soldater - Normenn i Secret Service forteller, Aschehoug (1990) s. 467.
- ↑ Henrik O. Mongstad, Krigsminne, Historia Scripta (2013) s. 48.