Rambjør (gård i Masfjorden sogn): Forskjell mellom sideversjoner
(Lagt til kildehenvisning) |
m (Dagtho flyttet siden Rambjør (gård i Masfjorden kommune) til Rambjør (gård i Masfjorden sogn)) |
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 3. apr. 2014 kl. 15:44
G.nr. 2 - RAMBJØR
O. Rygh seier um namnet: Rafnabjorg av hrafn og bjorg, f. av samme stamme som berg, og so viser han til Aasen som seier umbjorg: En rekke av lave klipper. Han viser og til Ross, som seier um bjorg: En lang og ikke ganske lav aasrygg.
Ymse skrivemåtar: 1519 Ramneberg. 1522 Raffnberg. 1563 Ram biorg. 1567 Raffnebøe. 1604 Raffnebierg. 1611 Raffnesberigh og Raffneberg. 1620 Raffneberg. 1624 Rambere. 1620 og fl. gonger Raffnebergh. 1645 og 1657 og fl. gonger Rafnberg. Elles kan ein treffa på fleire skrivemåtar. I matriklane: 1665 Rafnberg. 1718 Rafneberg. 1723 Rafnebierg. 1838 Ravneberg. 1886 og sidan Rambjør. Burde skrivast Rambjørg.
Grensor: I vest til sjøen, Hatlevik og Haugsdal, i nord til Haugs-dal og Gulen, i aust til Tangedal og i sud til Torsvik.
Eigedomstilhøvi: Frå 1624 er Rambjørg bondegods. Brukarane eller deira slektningar eig bruki. Skatteåret 1624-25 heiter det: “Odelsgods som i fornevnte (Gulen Skibrede) er Schattet for”, og so vert upprekna: Oluff Rambere af ½ L. 6 mk. Niel og Knud ibedem (sammesteds) af 1 L. ½ Pd. S. Og 1626-27 er millom dei Som skattar av odelsgods nemnde Niels Ramberg 2 pd. 3 mk. s. I same rekneskapet stend det um Rambjørg: “Bondegods. Saais 4 Td. Raffneberg 3. Løb ½ Pd. Smør. Hatlenig i Pd. Smør. Bor på 4 Bønder. Dette må ein ta so at det er 3 sjølveigarar på Rambjørg og ein i Hatlevik.
I Lensrekneskapi for året 1631/32 er Rambjørg rekna til Kronens og Stigtens gods. Korleis det hev gjenge til at garden er komen inn under staten, kan ein ikkje finna ut av det tilfang ein no hev greia på.
1654/55 eig Mogens Rambjørg 15 mk. s. i Rambjørg og Enchen, Mogens og Rasmus Rambjørg eig 4 pd. 4 mk. s. i Rambjørg og bur på bruki, og Jens og Peder Brandanger eig i Rambjørg og Hatlevik 8 mk. s. 1657 er det same eigarar og brukarar som 1654/55. Men året 1686 eig Peder Busch 2½ 1. s. i Rambjørg. Det gjer han og 1691. Frå 1700 til 1710 er enkja etter Peder Busch, Maren, førd som eigar. 1714 er Lucas Steen eigar, 1717 Hans Weivitsen. Attåt Hans Weivitsen kjem 1715 Peder Weivitsen. Kven desse Weivitsane var, hev ein ikkje funne noko inn. Sjå under dei einskilde bruk kva tid bøndene vart sjølveigarar att.
Gamle matriklar og teljingar
Kopskattmanntalet frå 1645 er teke med under avsnittet “Bru-karar”.
Kvegskattmanntal 1657. Raffnberg: Knud 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Quie, 2 Gieder, 6 Faaer. Rasmus 2 Kiør, 3 Gieder, 4 Faaer. Niels 1 Hest, 2 Kiør, 1 Quie. Jarob 2 Kiør, 1 Quie, 1 Faaer. Jon 2 Kiør, 2 Faaer. Poffuel i Hest, 2 Kiør, 2 Faaer.
Matrikel 1665: Rafnberg. Gifver Landschyld Smør 2 ½ Løber 18 Mk. Saaer 7 ½ Td. afler 15 Td. føder 34 Nøed. Kan tiende 2 ½ Td. Leding, Fredtold, Giengierd og Vedpenge 1½ Rdl. 9 sk. Smaatiend i Mk. 4 sk. Kan skatte af 2 ½ Løber Smør. For dei andre gardane i Masfjorden er nemnd nok um skog, men på Rambjørg er ingen ting sagt um det.
Skattemanntal 1666: Rafnberg. Skylder Smør 1 Løb, Korn 1 Td. Faaer 3. Opsiddere: Knud bruger 1 Sp. S.l M. 4 K. Korn. 1 Faaer. 50 Aar g. Sønner: Joseph 4, Johans 1 ½ Aar g. Lawrits br. ½ Pd. S. 8 K. Korn, ½ Faaer. 32 Aar g. Sønner: Niels 4, Rasmus 1 Aar g.
Zacharias br. ½ Pd. Smør, 8 K. Korn, ½ Faaer. 30 Aar g. Søn:Mogns 1 ½ Aar g.
Jacob br. ½ Pd. Smør, 8 K. Korn, ½ Faaer. 40 Aar g. Søn: Ole 5 Aar g.
Niels br. 8 Mk. Smør 5 ½ K. Korn, 1/3 Faaer. Alder ikkje uppgjeven. Sønner:
Joen 4 Aar g. Huusmands Søn Anders Poffuelsen 3 Aar g. Joen br. 4 Mk. Smør, 2 2/3 K. Korn, 1/6 Faaer. 36 Aar g.
Under Huusmænd og Strandsiddere: Poffuel 40 Aar g. Asehild 70 Aar g.
Manntal 1701. Rafnberg: Jens Larsen 50 Aar g. Søn: Lars Nielsen hiemme, 6 Aar g. Soldat Torgeir Larsen 26 Aar.
Olla Larsen 30 Aar g. Søn: Lars Hansen hjemme 15 Aar g.
Anders Knudsen 40 Aar g. Søn: Knud Andersen hiemme 10 Aar g.
Hans Olsen 40 Aar g. Sønner: Olle Hansen hiemme 4 Aar, Erich Hansen hiemme 3 Aar g.
Prøvematrikel 1721: Ravneberg: Johannes Åmundsen, Ole Larsen, Jens Monsen (skal truleg vera Larsen). Skylder Smør 2 ½ L. Saar 8½ Td., høster 28 Td. Føder 39 Nød, 35 Faar, 3 hester. Proprietærgods, ligger tilfields, tungvunden og Aarvand, mangler udmark til. I forrige Tider lidt bierke- og furuskoug til brendefang, hvoraf fast intet er tilbage og saaledes ingen herlighed, uden en liden flomqvern som ikke nær til Gaardens fornødenhed er tilstrekkelig. Aarlige Skatter 20 Rdl. 1 Mk. 1 9/10 sk.
Matrikeltaksten 1723: Rafnberg: Johannes, Ole og Iver. Landsk. 2 L. 2 Pd. 6 Mk. Smør. Opsidderen Johannes 2 Pd. 17 Mk. S. med Bøxel. Resten Hans (og) Peter Weivitsen med Bøxel tilhørende. Intet Sætter. Brendevedskoug til husfornødenhed. 1 flomquern. Ligger lit fra Søen, 5 ¾ Mil fra Bergen. Maadelig kornart og skiels letvunden. Saar Havre 8 ½ Td., afler 28 Td. Føder 33 Kiør, 12 Ung-nød, 36 Faar, 3 Heste. Takst efter gammel Landskyld 2 ½ Løb. Forhøiet 6 Mk. Lever af qvegets afling og lidt brendefang at selge.
Brukarar
Fyrste gongen ein finn namn på buande menn på Rambjørg er 1519: Oloff Po (på) Ramneberg, Anders ib. Dei 2 finst ogso 1522. Namni stend i ei lista yver Tiendepenge, og Anders svarar 5 ½ mk. og Olof 8 mk. 1563 Halffparten Jordeigende Bønders Landschyldtt aff Nordhordlandtt: Rasmus på Ramnebjorgh 2 Mk. 13 Sk. Jørgen ibedem 2 Mk. 13 Sk. 1590/91 framleis Rasmus, men istaden for Jørgen er no komen Mogens. 1603 Oluf, Niels, Knud Raffne-bierig. Dei svara 1 dl. i skatt kvar. Dei same 3 menn er nemnde kvart år til 1627/28. Men frå 1611 kjem attåt ein Lasse, som svarar husmannsskatt. Og 1614/15 er det ein Jon som svarar husmanns-skatt. Lasse nemnd siste gongen 1636 og Jon 1629
.
Arne nemnd fyrste gongen 1624. Han er ogso nemnd 1645 og heiter då Arne Olsen.
1627/28 er nemnd både G: og U: Joen (gamle og unge).
1628/29 er komen Mogens i staden for Knud, men 1630-31 kjem ein Knud att, og Mogens og Knud vert båe nemnde åri fram-etter. Soleis er i året 1631/32 nemnd 5 mann: Oluff, Lasse, Knud, Mogens og Arne.
1633 gamle Oluff, Lasse, Mogens og Niels. Niels nemnd berre det året.
Ved Kopskattmanntalet 1645: Rasmus Oelsen. Kone Marite. Sønnen: Mogens Snelde. Ko. Ragnilde. Rasmus Arnesen. Ko. Berete. Arne Olsen. Ko. Kari. Sønnen: Knud Josephsen. Enchen Guri er vanfør. Datter: Guri. 1657 var det 8 mann: Knud, Rasmus, Mogens, Rasmus, Niels, Jacop, Joen og Poffuel.
1662 er båe Rasmus-ane gjengne ut og i deira stad komne Aschild og Laurits. Ellers dei same som 1657. Aschild er nemnd berre ein gong, og etter 1662 er ikkje Mogens nemnd. I hans stad er 1664 komen Zacharias. 1666 Knud 50 år, Lavrits 32 år, Zacharias 30 år, Jacop 40 år, Niels, ikkje uppgieve alder og Joen 36 år. Husmenn: Poffuel 40 år og Aschild 70 år.
1668 berre 4 skattytarar: Knud, Zacharias, Poffuel og Laurits.
I åri millom 1668 og 1691 er rekneskapi so ufullstendige at ein ikkje finn namn på skattytarane. 1691 finn ein berre ein att av dei som var der 1668. Det er Laurits. Attåt han var det året Jens, Oele, Hans og Anders. 1701 Jens Larsen, Olle Larsen og Anders Knudsen.
1717: Anders, Ola og Ivar. 1718: Johannes, Ola og Ivar. Dei same 1723. - 1734 er det desse sjølveigarar: Daniel Andersson 2 pd. 5 mk. s. Johannes Åmundson 1 laup s. og Nils Rasmusson i laup 1 mk. s.
Kilde : Masfjorden kommune / Masfjordsoga