Malfred Larsen: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
Larsen mønstra på M/S «Besholt» i New York som byssegut 15. september 1942 og forlot New York 24. september med frakt til Trinidad via Gitmo.<ref name="ksr"/><ref name="wsb">[https://www.warsailors.com/singleships/besholt.html M/S Besholt], warsailors.com, vitja 2. mai 2020.</ref> Skipet gjekk vidare frå Trinidad 10.oktober og gjekk til Freetown, Matadi og Lobito.<ref name="wsb"/> 23. november sigla ein frå Lobito i Portugisisk Vest-Afrika på veg til New York via Trinidad.<ref name="wsb"/> Frakta 8000 tonn kopper, tinn og palmeolje, samt 32 sekker med post frå Belgisk Kongo.<ref name="wsb"/> M/S «Besholt» vart torpedert av U-174 2. desember 1942 og 14 personar omkom; av eit mannskap på 35, samt 7 passasjerar.<ref name="wsb"/> Larsen og 22 av dei andre overlevande sigla 800 nautiske mil i livbåten før dei traff land i Brasil 14. desember.<ref name="wsb"/> | Larsen mønstra på M/S «Besholt» i New York som byssegut 15. september 1942 og forlot New York 24. september med frakt til Trinidad via Gitmo.<ref name="ksr"/><ref name="wsb">[https://www.warsailors.com/singleships/besholt.html M/S Besholt], warsailors.com, vitja 2. mai 2020.</ref> Skipet gjekk vidare frå Trinidad 10.oktober og gjekk til Freetown, Matadi og Lobito.<ref name="wsb"/> 23. november sigla ein frå Lobito i Portugisisk Vest-Afrika på veg til New York via Trinidad.<ref name="wsb"/> Frakta 8000 tonn kopper, tinn og palmeolje, samt 32 sekker med post frå Belgisk Kongo.<ref name="wsb"/> M/S «Besholt» vart torpedert av U-174 2. desember 1942 og 14 personar omkom; av eit mannskap på 35, samt 7 passasjerar.<ref name="wsb"/> Larsen og 22 av dei andre overlevande sigla 800 nautiske mil i livbåten før dei traff land i Brasil 14. desember.<ref name="wsb"/> | ||
Siste skipet Larsen tenestegjorde på var D/S «Lom». Medan skipet låg i Bari | Siste skipet Larsen tenestegjorde på var D/S «Lom». Medan skipet låg i Bari i Italia vart det 2. desember 1943 utsatt for eit angrep av tyske fly. Larsen vart såra i angrepet og døyde på sjukehus 16. desember.<ref name="vf"/><ref name="ksr"/> | ||
== Utmerkingar == | == Utmerkingar == |
Sideversjonen fra 2. mai 2020 kl. 18:43
Malfred Bendik Larsen (født 16. april 1918 i Stord, død 16. desember 1943 i Bari, Italia) var ein norsk krigssiglar som omkom under andre verdskrig.[1]
Krigstjeneste
Larsen sigla i alliert fart og vart torpedert fleire gonger.[1][2][3]
Han sigla på D/S «Tolosa, M/S «Molda», M/S «Moldanger», M/S «Besholt», D/S «Veni» og D/S «Lom» og gjorde teneste som fyrbøter[1], byssegut, lemper og motormann.[2]
Larsen mønstra på M/S «Moldanger» 8. juni 1942 og var såleis fersk om bord då skipet vart torpedert 27. juni på veg frå Buenos Aires til New York med 8700 tonn med salta skinn, talg, ull og vetetabilsk olje.[2][4] 14 av dei 42 personane om bord omkom, medan 9 av dei overlevande tilbrakte 48 døgn på flåtar før dei vart redda.[4]
Larsen mønstra på M/S «Besholt» i New York som byssegut 15. september 1942 og forlot New York 24. september med frakt til Trinidad via Gitmo.[2][5] Skipet gjekk vidare frå Trinidad 10.oktober og gjekk til Freetown, Matadi og Lobito.[5] 23. november sigla ein frå Lobito i Portugisisk Vest-Afrika på veg til New York via Trinidad.[5] Frakta 8000 tonn kopper, tinn og palmeolje, samt 32 sekker med post frå Belgisk Kongo.[5] M/S «Besholt» vart torpedert av U-174 2. desember 1942 og 14 personar omkom; av eit mannskap på 35, samt 7 passasjerar.[5] Larsen og 22 av dei andre overlevande sigla 800 nautiske mil i livbåten før dei traff land i Brasil 14. desember.[5]
Siste skipet Larsen tenestegjorde på var D/S «Lom». Medan skipet låg i Bari i Italia vart det 2. desember 1943 utsatt for eit angrep av tyske fly. Larsen vart såra i angrepet og døyde på sjukehus 16. desember.[1][2]
Utmerkingar
Utmerkelser
|
Larsen vart tildelt Krigsmedaljen.[2]
Referanser
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Våre falne - Tredje bok (1950) s. 100.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Malfred Bendik Larsen, krigsseilerregisteret.no, vitja 2. mai 2020.
- ↑ Våre falne oppgir at han kom velberge frå fira torpederingar, men mønstringane i Krigsseilerregisteret (som ikkje treng vera komplett) dokumenterer to.
- ↑ 4,0 4,1 M/S Moldanger, warsailors.com, vitja 2. mai 2020.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 M/S Besholt, warsailors.com, vitja 2. mai 2020.