Meldal Bygdebok

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Meldal Bygdebok er ein serie bygdebøker som tek for seg Meldal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Meldal kommune tilsvarer Meldal sokn i gamle Meldal prestegjeld (som i tillegg inkluderte Rennebu anneks fram til 1862)[1]

Dei hittil 6 banda er utgjevne av Meldal kommune.

Utgjevingar

  • Bind 1 – Olaf Havdal (red.) Bygdesoga I, til ikring 1700. Frå åndsliv og kulturarbeid gjennom tida. 1968
  • Bind 2 – Olaf Havdal (red.). Bygdesoga II, frå ikring 1700 til våre dagar. 1972
  • Bind 3 – Nils Lykkja. Gard og ætt I. 1956
  • Bind 4 – Nils Lykkja. Gard og ætt II. 1958
  • Bind 5 – Nils Lykkja. Gard og ætt III. 1960
  • Bind 6 – Johan Syrstad (red.). Slekt og soge 1940-1990. 1993

Verdi som slektshistorisk sekundærlitteratur

Banda 3-5 gjev ein grunnlaggjande god oversikt over slektssambanda på gardane i Meldal. Bøkene er her jamnt over gode, sjølv om det her òg er nokre feil. Når det gjeld andre slekter i Meldal er informasjonen sparsom. Dette gjeld m.a. bergverksslekter knytta til Løkken koparverk - som er nemnt i den grad dei er tilknytta gardseigedomar - og til ein viss grad husmannsfolk og gardsarbeidarar utan fast tilknytning.

Oppstillinga og presentasjon av informasjonen er god og oversiktleg. Det er få kjeldereferansar, ingen noter, men nokre kjelder går fram av teksta.

Kjente feil

Referanser