Handingmand (slekt)
Slekta Handingmand var ei norsk adelsætt med base på austlandet, og er nemnt hovudsakleg på 1500- og 1600-talet. På grunn av m.a. likskap i våpen er det antatt at Handingmand-ætta var beslekta med ætta Rosensverd-ætta, eller Østby-ætta truleg gjennom same opphav. Slekta er òg omtale som Hardingmand og Hartgenger.
Handingmand-ætta er knytta til ei rekkje setegardar på austlandet:
- Nordvi i Stange
- Brandstorp i Skjeberg
- Folberg i Nes (Romerike)
- Gundestorp i Skjerberg
- Fosser i Rakkestad
- Ulven
- Skapal i Ringsaker
Opphav
Ætta er som nemnt over rekna for å vere ein del av, eller nær beslekta med Østby-ætta. Østby-ætta er tidlegare gitt nemnet Rosensverd basert på slekta sitt slektsvåpen, som ligner veldig på det våpenet som medlemar av Handingmand-ætta skal ha ført. Korleis dette slektskapet har seg er ikkje påvist, men Kåre Bjerke la i 1956 fram to hypoteser som kan forklare dette - ei som viser agnatisk og ei som viser kognatisk avstamning.
Den fyrste i ætta som er kjeldebelagt er Mons Trulsson som i 1511 kjøper 3 huder i Myr i Risabu i Vang av Ola Arnesson. Her kalles kjøparane for Maens Trvellson oc hans hustru hustru Birgitta.[1]. Bjørnerud Christiansen[2] gjer truleg at dette må vere Birgitte Gautesdotter på Gaustad i Romedal, av di vi veit at Mons Trulssons etterkommere har ått i Folberg langt inn på 1600-talet.
Neste gong vi finn Mons er han gift på nytt, og kjøper eller skifter til seg gardpartar i Nordvi i Stange. Det går fram av eit stadfestingsbrev frå 1544 at erlijg oc welbyrdugh man Mongs Trulsson aff wapn oc hans hustru hustru Ingerijd Asgodzdotter kjøpte to partar i Nordvi av syskena Bjørn Olsson og ei ikkje namngitt syster gm. Anders Godensson.[3]. Ektefellen er i likpreika over Hans Handingmand i 1701 kalla Velb. Frue Ingerie Kampes Datter af Brandstrup[4].
Referansar
- ↑ D.N. II, nr. 1038
- ↑ NST XXXV, s. 417
- ↑ D.N. I, nr. 1102
- ↑ Vigerust.net: Hans Mogenssøn Handingmand til Fossergård 1701
Litteratur
- Danmarks Adels Aarbog, 1915.
- la Cour, L.F. "Annalistiske og andre optegnelser. Optegnelser om slektene Handingmand, Skaktavl og Paludan", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 5 (1935): s. 137-147.
- Spangen, Christian. ""De Hanemænder". Var Jørgen Claussen Valravn en Ulfeld?", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 12 (1949): s. 200-204.
- Spangen, Christian. "Likpreken over Hans Mogenssen Handingmann på Skapal 1701", HST 4 (1957): s. 199-206. (Likprekenen er senere utgitt av Tore Vigerust på Vigerust.net)
- Bjerke, Kaare. "Slekten Rosensverd (Handingmand) fra Skjeberg", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 15 (1956): s. 193–218.
- Spangen, Christian. "Litt om slekten Handingmann", HST 7 (19??): s. 106-107.
- Grøtvedt, Per Nyquist. "Om "Handgænger Mænd" i Rosensverd-ættens adelspatent av 1458." Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 20 (1966): s.215&nash;120.
Anna litteratur der ætta er nemnt
- Munthe, C[hristoffer] M[orgenstierne]. "Norske slegtsmerker", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1 (1927–1928): 33–56, 155–189 og 336–382.
- Schilbred, C[ornelius] S[everin Scheel]. "Adel i Norge", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 22 (1969): 109-121.
- Løberg, Lars, (1960–) og Tor [Ragnar] Weidling, (1957–). "Melding av Sven G. Eliassen: Herregårder i Østfold" (1997), Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 36 (1998): s. 230–232.
- Christiansen, Per Reidar Bjørnerud, (1968–). "Dyre Sevaldssons ætt, og litt om Hove- og Østby-ættene", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 35 (1996): s. 387–435.