Olai Ovenstad
Olai Ovenstad (fødd 19. april 1870, død 28. juni 1954) var stabsfanejunker, militærhistorikar og genealog. Han er mest kjend for sine offisersbiografiar og plansjeverket over den norske hærens organisasjon 1628-1818.
Ovenstad var fødd i Christiania. Han tok eksamen ved Feltartilleriets underoffisersskole (Halden) i 1893. Han gjekk også Statens kunst- og håndverksskole. Ovenstad var tilsett i staben til Kommanderande general frå 1904-1929. Der la han grunnlaget for sitt inngåande kjennskap til militærarkiva, som han gjorde seg god nytte av i sitt omfattande militærhistoriske arbeid.
Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).
Ovenstad gav og ut i to band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han har elles skrive militærhistoriske artiklar i ymse fora, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).
Ovenstad hadde Kongens fortjenstmedalje i gull, og vart i 1929 tildelt Ridderkorset av første klasse av St. Olavs orden for sitt militære granskingsarbeid.
Bibliografi, militærhistoriske arbeid
- «Den norske hærs gjenreisning. 18/1 1628-18/1 1928. 300 års jubileum», i Befalsbladet 34/1928.
- «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).
- «Mitt militærhistoriske forskningsarbeide», i Befalsbladet 45/1939.
- Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. (Digital versjon, sjå nedanfor under Kjelder.)
Kilder
- Johnsen, Arne Odd og Wasberg, Gunnar Christie (red.): Norsk militærhistorisk bibliografi. Utg. av Forsvarets krigshistoriske avdeling, Gyldendal, Oslo 1969
- Norsk slektshistorisk tidsskrift, bd. XIV, Oslo 1954, side 344. (Nekrolog.)
- Om Olai Ovenstad og privatarkivet etter han i felleskatalogen på Arkivverket henta 16.9.2009
- Privatarkivet etter Ovenstad på www.arkivportalen.no. Her kan ein gå nokså langt inn i arkivinnhaldet. Henta 4.11.2010