Meldal Bygdebok
Meldal Bygdebok er ein serie bygdebøker som tek for seg Meldal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Meldal kommune tilsvarer Meldal sokn i gamle Meldal prestegjeld (som i tillegg inkluderte Rennebu anneks fram til 1862)[1]
Dei hittil 6 banda er utgjevne av Meldal kommune.
Utgjevingar
- Bind 1 – Olaf Havdal (red.) Bygdesoga I, til ikring 1700. Frå åndsliv og kulturarbeid gjennom tida. 1968
- Bind 2 – Olaf Havdal (red.). Bygdesoga II, frå ikring 1700 til våre dagar. 1972
- Bind 3 – Nils Lykkja. Gard og ætt I. 1956
- Bind 4 – Nils Lykkja. Gard og ætt II. 1958
- Bind 5 – Nils Lykkja. Gard og ætt III. 1960
- Bind 6 – Johan Syrstad (red.). Slekt og soge 1940-1990. 1993