Meldal (slekt)

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 5. jan. 2013 kl. 20:33 av Håvard Moe (diskusjon | bidrag) (Ny side: Slekta ''Meldal'' (Meldahl) er ei norsk embetsmanns-, og særleg presteslekt, som har sitt navn etter fleire sokneprestar i Meldal i Sør-Trøndelag. Meldal-slekta har st…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Slekta Meldal (Meldahl) er ei norsk embetsmanns-, og særleg presteslekt, som har sitt navn etter fleire sokneprestar i Meldal i Sør-Trøndelag. Meldal-slekta har stor etterslekt, og spreidde seg over store delar av landet ved at familiemedlemmar flytta til nye prestekall.

Opphav

Den fyrste som kalte seg Meldal i denne slekta var hr. Ole Jonsson Meldal, som var fjerde sokneprest i Meldal etter reformasjonen. Han er nemnt i Meldal mellom 1607 og 1620, og er antatt å ha vore sokneprest frå omlag 1590. Han vart i 1598 gm. Anna Bull (f. 1581), dotter av hr. Jens Andersson Bull, sokneprest i Støren. Dei hadde åtte døtre, der Ellen, f. 1599, i 1619 vart gift med hr. Anders Olsson Bruse, som vart neste sokneprest i Meldal.

Dei fikk 10 born, ein son og ni døtre, og seks av døtrene vaks opp. Ei av desse var Anna som vart gift med neste sokneprest i Meldal, hr. Sten Evensson som på same måte som hr. Ole Jonsson tok namnet Meldal. Dei vart stamforeldre for den seinare så vidspreidde Meldal-slekta.


Litteratur


Referansar