Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle (bok)

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 19. aug. 2021 kl. 08:30 av Sølvi Løchen (diskusjon | bidrag) (Ny side: {{Infoboks litteratur | bilde = | bildetekst = | tittel = '''Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle''' | forfatter(e) = | bidragsyter = Eikill, Edvard<br>Kvåle Rue, Anders<br>Hagla…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
TittelFagerskinna. Norges Kongers ættetavle
BidragsyterEikill, Edvard
Kvåle Rue, Anders
Hagland, Jan Ragnar
Redaktør(er)Titlestad, Torgrim
UtgiverSaga Bok
UtgivelsesstedStavanger
Årstall2007
Sideantall446 s.
SpråkNorsk
Norrønt
BibliotekkatalogOria

Torgrim Titlestad (1947–)[1] var redaktør for Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle[2] i Stavanger 2007.

Verket inneholder ættetall over middelalderættene Reinsætten[3] og Arnmødlingætten[4] og har spesiell interesse for middelaldergenealoger. Dette er den første utgaven av verket på moderne norsk språk. Anmelderen anførte at utgivelsen ikke er vitenskapelig, og at den ikke er tilstrekkelig tro mot originalen. Bokmål burde anvendes i stedet for riksmål, og oversetteren burde ikke ha satt inn kapitteloverskrifter. Oversettelsen av bokens tittel er ikke korrekt, men oversettelsen av selve teksten er jevnt over god. Verket er illustrert med tegninger.

Omtaler og anmeldelser

Jo Rune Ugulen anmeldte Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle i Genealogen 2008.[5]

«For første gong vert kongesoga som er kjent under namnet Fagrskinna (Fagerskinna) utgjeve i ei moderne norsk språkdrakt, skriv redaktør Torgrim Titlestad i sitt føreord til utgåva som kom ut på Stavangerforlaget Saga Bok (namnet til forlaget har utruleg nok engelsk orddeling) i 2007. Dei siste åra har Titlestad stått bak ei rekkje utgjevingar av denne typen, og han skal ha honnør for å ha hatt drivkraft og pågangsmot nok til å få gjeve ut ei rekkje slike sentrale verk til norsk historie, i ei moderne språkdrakt, og på den måten gjort desse kjeldene tilgjengeleg for eit større publikum. Med denne utgåva er dei tre mest sentrale kongesogeverka også mogleg å lesa for folk utan kjennskap til norrønt språk. Heimskringla, betre kjent under namnet til den presumptive forfattaren, Snorre (Sturluson), vart tidleg omsett til norsk. Lenger tid tok det med Morkinskinna, som først kom på moderne norsk så seint som 2001, også den under redaksjon av Torgrim Titlestad, men omsett av Kåre Flokenes (sjå bokmelding av Jonas Wellendorf i Maal og Minne 2003).

No får vi altså endeleg Fagerskinna, som også bør ha særskilt interesse for mellomaldergenealogar, ettersom eitt av handskriftene til Fagerskinna (det såkalla Bhandskriftet) inneheld ættetal over to av dei fremste stormannsættene vi hadde i Noreg i høgmellomalderen – nemleg Rein-ætta og arnmødlingane.

Eg kan ikkje gå inn på dei mange detaljane som det kunne vore freistande å ta opp i samband med denne utgåva av Fagerskinna, rett og slett av di Genealogen korkje er stad eller har rom for ein lenger historieteoretisk diskusjon kring denne boka. I alt er det tre (!) føreord til utgåva, og med føremon kunne minst eitt av dei vore sløyfa. Norrønfilologen Jan Ragnar Hagland si innleiing er ikkje mellom dei – innleiinga hans er velformulert og informativ og set både omsetjing og verk inn i ein større kontekst. Føreordet til omsetjaren, Edvard Eikill, er heller ikkje lett å koma utanom, ettersom vi her får ei delvis forklaring på korleis omsetjaren har arbeidd med omsetjinga. Eg stussar rett nok over ein del moment i Eikill sitt føreord, ikkje minst valet av riksmål som såkalla «begripelig nåtidsspråk med en troverdig koloritt» (s. 25). Ein kan seia mykje bra om riksmål, men utprega notidig er det ikkje. Bokmål ville falla meir naturleg for dei fleste av oss.

Pussig er det også å sjå argumentasjonen for å utelata pluralis majestatis-formene slik dei vart nytta i mellomalderen. Desse er utelatne av di det «blir for kunstig for oss i dag»! Verket er jo frå mellomalderen, og ei omsetjing skal vel gje lesaren eit innblikk i dåtidas skikkar og levesett – ikkje våre notidige? Eg tykkjer heller ikkje mykje om at Eikill har sett inn eigne kapitteloverskrifter, ettersom det lett gjev eit inntrykk av at desse har funnest i originalen (noko dei ikkje gjer, som også Eikill skriv klårt i føreordet – men føreord vert truleg lese like ofte som andre bruksanvisningar).

Kvifor fortalen til den største soga om Olav den heilage er teke med før sjølve Fagerskinna kjem, har eg også vanskar med å forstå. Det er då ikkje ein del av Fagerskinna, som faktisk er det ein her gjev ut. Argumentasjonen i Titlestad sitt føreord for å inkludera det, er tynn, og alt i alt er inntrykket mitt at fortalen er teke med her av di utgjevaren av ein eller annan grunn likar det godt, men ikkje har funne andre (og betre) stader å publisera det.

Det eg likevel stussa mest over då eg fekk boka i hendene, var tittelen. På norrønt er det til vanleg tale om Fagrskinna – Noregs konunga tal (eller konungatal). Dette siste leddet er omsett som Norges kongers ættetavle, noko som ikkje er rett. Konungatal tyder ikkje noko anna enn ei kongerekkje, ei oppteljing eller opprekning av kongane i eit land, gjerne med ei forteljing om gjerningane deira (jf. Fritzners Ordbog over det norrøne Prosasprog). Med andre ord omlag det same som ein møter i Europa, men der skreiv ein oftast på latin og dermed kalla det for gesta regum, kongane sine gjerningar, eit konungatal. Og det er nettopp det Fagerskinna er. Ikkje ei ættetavle per se. Den same ambivalensen får eg til denne utgåva når eg ser på presentasjonen av boka. Teikningane bidreg etter mitt syn ikkje til å heva kvaliteten på boka, sjølv om teikningane isolert sett er fine, og hadde vore eit glimrande utgangspunkt for kongesogene i teikneserieform. I ei bok som dette kjem dei likevel ikkje til sin rett, og nokre av dei gjer jamvel at eg får assosiasjonar som eg helst ikkje vil ha.

Men det er sjølvsagt ikkje berre negative ting å seia om denne utgåva – tvert om er det mest positivt, men ein bokmeldar (og dermed kritikar) har gjerne ein tendens til å fokusera meir på det som er kritikkverdig. Ei vitskapleg utgåve er dette ikkje, men det pretenderer den heller ikkje å vera.

Det er ikkje til å koma forbi at ei omsetjing til (nesten) moderne norsk av Fagerskinna, har vore eit sakn – ikkje minst for dei svært mange historieinteresserte i vårt langstrakte land. Dei vil ha både nytte og glede av denne utgåva. Så langt eg kan sjå er det ikkje mykje å setja fingeren på med omsyn til omsetjinga, sjølv om mindre feil og omdiskuterte ordval ikkje er til å unngå. Frekvensen av slike er likevel ikkje større enn ein må venta, og eg ser ingen grunn til her å trekkja fram ei rad av desse. Jamt over er omsetjinga god, og det er mykje å gleda seg over for dei lesarane som ikkje tidlegare har hatt høvet til å dykka ned i Fagerskinnas univers på grunn av manglande språkkunnskapar. Det er såleis all grunn til å oppmoda sagainteresserte til å skaffa seg denne boka – ikkje minst for å ha eit korrektiv til Snorre.

Eg kan godt seia det ein gong til: Er du saga- og/eller historieinteressert bør du ha denne utgåva av Fagerskinna i bokhylla. «Her ender min beretning» står det til sist i denne omsetjinga av Fagerskinna. Sjølv ville eg truleg valt ei anna omsetjing av det norrøne «Nú hverf ek thar í frá». Til dømes «No sluttar eg». Men tydinga er stort sett den same. No sluttar i alle høve eg. Jo Rune Ugulen»

Referanser

  1. Torgrim Titlestad (no.wikipedia.org).
  2. Titlestad, Torgrim (red.). Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle. Saga bok, Stavanger, 2007.
  3. Reinsætten (Store norske leksikon/snl.no).
  4. Arnmødlingætten (Store norske leksikon/snl.no).
  5. Ugulen, Jo Rune. «Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle», Genealogen, hefte 1, 2008, s. 70–71.

Litteratur

  • Titlestad, Torgrim (2007). Fagerskinna. Norges Kongers ættetavle. Saga Bok, Stavanger –  446 s.

Se også

Eksterne lenker