Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762 (bok)
Tittel | Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762 | ||
Forfatter(e) | Bjercke, Alf R. | ||
Utgivelsessted | Frankfurt am Main | ||
Årstall | 1999 | ||
Sideantall | 243 s. | ||
Språk | Tysk Dansk | ||
Noter | Kieler Werkstücke. Reihe A, Beiträge zur schleswig-holsteinischen und skandinavischen Geschichte, nr.: 20 | ||
Bibliotekkatalog | Oria | ||
Alf Richard Bjercke (1921–2011)[1] ga ut Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762[2] i Frankfurt am Main 1999.
Under syvårskrigen mellom England og Frankrike (1756–1763) ble det utkalt rundt 1500–2000 norske dragoner med offiserer og hjelpemannskap. Forfatteren undersøkte hvor disse kom fra, hvilken bakgrunn de hadde, og hva slags vilkår de fikk. Det var først og fremst husmannssønner og bondesønner som reiste, og noen av husmannssønnene brakte med seg sine hustruer. Forfatteren har anvendt arkivkilder i sine studier. Anmelderen kritiserte forfatterens vitenskapelige tilnærming til stoffet og mente at han ikke brukte kilder riktig, var for lite nøye i tallbruken og for å anvende eldre forskning. Han mente likevel at avhandlingen var et interessant og viktig tilskudd for lokal- og slektshistorikere.
Avhandlingen ble også anmeldt av Gunner Lind i Historie (Aarhus), 2000.[3]
I 2005 ga forfatteren ut en forkortet utgave av avhandlingen på norsk.[4]
Omtaler og anmeldelser
Historiker og museumsmann Halvard Bjørkvik (1924–)[5] anmeldte Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762 i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1999–2000.[6]
Her følger et utdrag av anmeldelsen:
«[...] Det er ein episode i Danmark-Noregs historie Bjercke har som utgangspunkt for si bok. Det var krigstid ute i Europa, Sjuårskrigen 1756–1763 med England og Frankrike som hovudmotstandarar. Den dansk-norske staten var nøytral, men det bryggja opp til strid med Russland, og norske soldatar vart sende nedover til Slesvig-Holstein for å vera med på vern av sørgrensa, som var truga. Konflikten med Russland har berre i liten grad interessert norske historikarar. I den nye noregshistoria frå Aschehoug (bd. 6, 1996) er konflikten ikkje omtala i det heile, men det blir sagt (s. 172) at ein norsk troppestyrke vart send til Holstein for å gjera teneste som grensevakt under Sjuårskrigen.
Heller ikkje Bjercke er oppteken av konflikten i seg sjølv. Hans forskingsfelt er dei soldatane som vart utkommanderte, og i første rekkje ein del av denne styrken: 16 kompani dragonar, som vart nedsende i to omgangar (1758 og 1761), og som med offiserar og hjelpepersonell kan ha vore på 1.500–2.000 mann og ca. 1.500 hestar. I tillegg vart det også sendt infanteri og artilleri, slik at talet i alt kan ha kome opp i nærare 20.000 mann. [...]
Eit aspekt som burde interessera norske historikarar, er kva denne episoden kan fortelja om dei pliktene Noreg hadde som unionspartnar. Heller ikkje Bjercke tek opp dette spørsmålet direkte, men det er nett som del av av dette problemkomplekset at avhandlinga hans kanskje har aller størst generell interesse. Her galdt det eit område der einevaldskongen hadde personlege interesser, og som var livsviktig for Danmark, men som for Noreg og dei norske soldatane var framandt land. Likevel fall det på Noreg å stilla med like stor, kanskje vel så stor styrke som Danmark: Samla var holsteinhæren etter dei tala Bjercke legg fram (mellom anna i vedlegg 17), på 37.900 mann, og av dei utgjorde den norske kontingenten ein stad i nærleiken av 20.000. (I vedlegg 17 seier Bjercke ein stad mellom 15.000 og 22.000, andre stader kring 20.000. I historiske framstellingar, mellom anna i band 6 av Aschehougs nye noregshistorie, er nytta talet 15.000, men Bjercke har overtydande vist at den norske kontingenten må ha vore større; jamfør mellom anna vedlegg 4.) Spørsmålet om Noregs plikter i fellesmonarkiet er eit sentralt problemkompleks som kan studerast ut frå ulike innfallsvinklar, og Bjerckes granskingar kan gje nytt stoff til ein slik analyse.
Som tittelen seier, er det i første rekkje husmennene og husmannssønene (Kätner-sohne) som står i sentrum for Bjerckes interesser. Men det er mangt han svippar innom under vegs. Han skriv inngåande om organiseringa av dragonstyrken og den plassen dragonane hadde innanfor den norske hæren, og det er interessant og lærerik lesnad. Det var skilnad på dragonar og kavalleri: Medan kavalleristane stridde til hest, nytta dragonane hesten til å forflytta seg frå ein stad til ein annan, men i slag var dei fotsoldatar. Dragonar er ikkje nemnde i krigsordinansen av 15. januar 1628 (Norske Rigs-Registranter, NRR, VI, s. 4–8), men det må ha vorte rekna med teneste til hest og med hest. [...]
Den norske dragonstyrken fekk si form med kongeleg forordning av 30. april 1692 og vart omorganisert og sterkt utvida i 1750-åra, like før utmarsjen til Slesvig-Holstein. Styrken talde då 6.600 mann i alt, av dei ca. 3.000 vanlege dragonar (i avhandlinga kalla einfache Dragoner), og i tillegg reservepersonell, landeverndragonar, offiserar og andre.
Ca. 3.000 dragongardar (Dragonquartiere) hadde ansvaret for hest og utrustning, og kvar av dei skulle stilla ein dragon. Som godtgjersle fekk gardbrukaren ei avkorting i skatten på sju riksdalar. Systemet bygde på at det var gardbrukaren sjølv eller hans eldste son som skulle utføra dragontenesta, men ein annan kunne dragast inn som avløysar mot ei godtgjersle på fire riksdalar for året. Bjercke har også ein lengre bolk om dragonhestane (s. 113–136, dessutan fleire av vedlegga). Han viser til at dragontenesta kravde store og mørke (dunkle) hestar, og dette fekk mykje å seia for avlsutviklinga av den norske dølahesten. [...]
Tre av dei problemområda Bjerckes bok diskuterer, skal eg kommentera noko nærare: frikjøpet av soldatar, kvinner i forsvaret og kriminaliteten i forsvaret. Først frikjøpet. I fleire samanhengar poengterer Bjercke at dragontenesta hadde høg status, og at det var gjævt å vera dragon. Medan det var regelen at bonden kjøpte seg fri frå vanleg soldatteneste i infanteriet, var det annleis med dragontenesta: I fredstid høyrde heile 56 prosent av dragonane til bondestanden (bonden sjølv, hans eldste son eller ein av dei yngre sønene). Men dette var i fredstid, heilt annleis i ein krigs- eller mobiliseringssituasjon:
Av dei dragonane som vart utkommanderte til Holstein, var berre 10–15 prosent bondesøner, dei resterande 80–85 prosent var husmannssøner. Prosentfordelinga i fredstid skal etter det Bjercke skriv (s. 140), gå fram av vedlegg I, men det er heilt uråd å tesa dette ut av lista slik ho er førd. I det heile er han ikkje alltid like nøyaktig når han opererer med tal. Han viser i fleire samanhengar til personallistene i krigsarkiva i Riksarkivet, og han gjev desse listene høg sanningsverdi (s. 24). Men han fester seg ikkje ved at listene ikkje har like utfyllande opplysningar om dei problema han vil klårgjera.
Eit døme: Vedlegg 3 inneheld mønstringslista for det fåbergske nasjonale dragonregimentet 15. november 1758, altså fem månader etter avmarsjeringa til Slesvig-Holstein. Lista inneheld namna på 75 vanlege dragonar, med opplysning om dragongard, fødestad, alder og tenestetid, sivil stand, sosial status (bonde eller husmann) og dragonhest. Berre om 26 er det sagt direkte kva sosialgruppe dei høyrde til, og av dei var berre fire bønder. Dette gjev ein prosent for bøndene på 15, kanskje bakgrunnen for fordelingsprosenten ovanfor (80–85 prosent husmenn, 10–15 prosent bønder). Men det skulle ikkje vera problemfylt å fylla ut lista med opplysningar om dei 49 dragonane som vantar. Vi har kjelder som kan nyttast til identifikasjon, først og fremst kyrkjebøkene, men det krev ein ekstra arbeidsinnsats. Lista (vedlegg 4) er ikkje heilt eintydig. Etter overskrifta er ho frå 15. november 1758, men i kommentaren til slutt er det sagt at ho er datert 8. september 1758. 17 av dragonane vart utkommanderte til Slesvig-Holstein I. juni 1758, men det går ikkje fram kven dette var. [...]
Etter forordninga var det regulert slik at det i den utkommanderte styrken skulle vera ein kvinnedel på fire prosent (tre av ca. 75 i dragonkompaniet og fire av 100 i infanteriet). Bjercke avsannar myten om at kvinner som følgde med i troppene, var «krigshorer» (Feldhuren); dei utkommanderte kvinnene var å rekna som del av kompaniet, med faste arbeidsoppgåver: reinhald, klesvask og anna. Særleg attraktivt kan det ikkje ha vore å bli med på utmarsjen; Bjercke har ikkje funne ei einaste bondekone mellom dragonkvinnene, dei var alle husmannskoner. [...]
For meg har det vore viktig å gjera lesarane av tidsskriftet kjent med Bjerckes bok og få fram at boka har mange kvalitetar. Men samstundes har det vore nødvendig å peika på svikt som særleg gjeld den vitskaplege standarden: det vitskaplege apparatet, kjeldebruken, arbeidet med tal, for lite orientert i nyare forsking. Denne svikten må likevel ikkje overskyggja det faktum at boka om dei norske dragonane i Slesvig-Holstein har mykje å gje.
Særleg lokalhistorikarar og slektsgranskarar har grunn til å takka Alf R. Bjercke for det storarbeidet han har utført. At boka er skriven på tysk, vil nok avgrensa nytteverdien noko, men trøysta for dei som har problem med det tyske språket, kan vera at fleire av vedlegga er på norsk. Halvard Bjørkvik»
Referanser
- ↑ Alf Richard Bjercke Alf R. Bjercke] (Store norske leksikon/snl.no).
- ↑ Bjercke, Alf R. Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762, Frankfurt am Main, 1999.
- ↑ Lind, Gunner. «Bjercke, Alf R.: "Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762» (Book Review), Historie (Aarhus), 2000, s. 141.
- ↑ Bjercke, Alf R. De dansk-norske dragonregimenters rolle under den nordeuropeiske krise 1758–1762, Oslo, 2005.
- ↑ Halvard Bjørkvik (Lokalhistoriewiki).
- ↑ Bjørkvik, Halvard. «Alf R. Bjercke. Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762», NST, bind 37, 1999–2000, s. 141–147.
Litteratur
- 1999). Norwegische Kätnersöhne als königliche Dragoner. Eine Abhandlung über den Dragonerdienst in Norwegen und die Grenzwache in Schleswig-Holstein 1758–1762. Peter Lang, Frankfurt am Main – 243 s. (