Odd Rongevær

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 1. mai 2022 kl. 14:33 av SMH (diskusjon | bidrag) (start)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Odd Rongevær (fødd 3. april 1918 på Baløy, død 10. mai 1986 på Dale) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.

Krigsteneste

Rongevær tok del i feltoget i 1940 med I.R.9.[1] Han mobilsert 9. april, kom til Voss 10. april og vart sendt vidare til Gol. 25. april tok han del i trefninga ved Breidablikk hotell. Etter kampane i Valdres var ferdig klarte han å koma seg unna tyskarane og han kom heim til Baløy 12. mai.[2]

I oktober 1940 var Rongevær med som mannskap då M/B Traust gjekk til Shetland med 18 flyktningar, noko som resulterte i at han vart tatt av tyskarane ei veke etter heimkomsten.[2][3]

Rongevær var i fangenskap i Bergen, på Ulven og på Akershus festning før han 28. oktober 1941 kom til Hamburg-Fuhlsbüttel. Han vart overført til Rendsburg 5. august 1943 og hadde eit kort opphald på Himmelmoor før han vart lauslaten 22. februar 1944.[4]

Etter returen frå Tyskland vart Rongvær involvert i SIS sitt virke i Nordhordland. Han vart introdusert for agenten Eivind Viken i august 1944 og gjekk inn i ei rolle som Viken sin assistent.[1] Rongevær med familie, samt Eivind Viken og Rasmus Krossøy med familie vart evakuert jula 1944.[5] Rongevær returnerte til Noreg med Eivind Viken 18. februar og oppretta SIS-stasjonen Barbro ytst i Fensfjorden. Dei dreiv stasjonen til freden.[6]

Utmerkingar

For krigsinnsatsen vart Rongevær tildelt Haakon VIIs Frihetsmedalje.[7]

SitatFor utvist tapperhet og mot under utførelse av hemmelige militære oppdrag under krigen.Sitat
– Utdrag frå diplomet til Haakon VIIs Frihetsmedalje.[7]


Utmerkelser

Haakon VIIs frihetsmedalje

Referanser

  1. 1,0 1,1 NHM, Odd Rongevær - P.9 Agents' Training Sheet.
  2. 2,0 2,1 Slekta si oppsummering av Odd Rongevær sin krigsinnsats.
  3. Ragnar Ulstein, Englandsfarten II - Søkelys mot Bergen, Det Norske Samlaget (1967) s. 357.
  4. «Odd Rongevær», Fanger-no, vitja 1. mai 2022.
  5. Henrik O. Mongstad, Krigsminne, Historia Scripta (2013) s. 38-40.
  6. Bjørn Rørholt i samarbeid med Bjarne W. Thorsen, Usynlige soldater - Normenn i Secret Service forteller, Aschehoug (1990) s. 467.
  7. 7,0 7,1 Diplom for Haakon VIIs Frihetsmedalje signert av Haakon VII 9. april 1948.