Handingmand (slekt)

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Slektsvåpen for Hardingman, etter ei 1800-tals samling med ukjend kunstnar. Avfotografering fra Hans Cappelen

Slekta Handingmand var ei norsk adelsætt med base på austlandet, og er nemnt hovudsakleg på 1500- og 1600-talet. På grunn av m.a. likskap i våpen er det antatt at Handingmand-ætta var beslekta med ætta Rosensverd-ætta, eller Østby-ætta truleg gjennom same opphav. Slekta er òg omtale som Hardingmand og Hartgenger.

Handingmand-ætta er knytta til ei rekkje setegardar på austlandet:

  • Nordvi i Stange
  • Brandstorp i Skjeberg
  • Folberg i Nes (Romerike)
  • Gundestorp i Skjerberg
  • Fosser i Rakkestad
  • Ulven
  • Skapal i Ringsaker

Opphav

Ætta er som nemnt over rekna for å vere ein del av, eller nær beslekta med Østby-ætta. Østby-ætta er tidlegare gitt nemnet Rosensverd basert på slekta sitt slektsvåpen, som ligner veldig på det våpenet som medlemar av Handingmand-ætta skal ha ført. Korleis dette slektskapet har seg er ikkje påvist, men Kåre Bjerke la i 1956 fram to hypoteser som kan forklare dette - ei som viser agnatisk og ei som viser kognatisk avstamning.

Den fyrste i ætta som er kjeldebelagt er Mons Trulsson som i 1511 kjøper 3 huder i Myr i Risabu i Vang av Ola Arnesson. Her kalles kjøparane for Maens Trvellson oc hans hustru hustru Birgitta.[1]. Bjørnerud Christiansen[2] gjer truleg at dette må vere Birgitte Gautesdotter på Gaustad i Romedal, av di vi veit at Mons Trulssons etterkommere har ått i Folberg langt inn på 1600-talet.

Neste gong vi finn Mons er han gift på nytt, og kjøper eller skifter til seg gardpartar i Nordvi i Stange. Det går fram av eit stadfestingsbrev frå 1544 at erlijg oc welbyrdugh man Mongs Trulsson aff wapn oc hans hustru hustru Ingerijd Asgodzdotter kjøpte to partar i Nordvi av syskena Bjørn Olsson og ei ikkje namngitt syster gm. Anders Godensson.[3]. Ektefellen er i likpreika over Hans Handingmand i 1701 kalla Velb. Frue Ingerie Kampes Datter af Brandstrup[4].

Referansar

Litteratur

  • Danmarks Adels Aarbog, 1915
  • la Cour, L. F. "Annalistiske og andre optegnelser. Optegnelser om slektene Handingmand, Skaktavl og Paludan", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 5 (1935): s. 137-147.
  • Spangen, Christian. ""De Hanemænder". Var Jørgen Claussen Valravn en Ulfeld?", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 12 (1949): s. 200-204.
  • Spangen, Christian. "Likpreken over Hans Mogenssen Handingmann på Skapal 1701", HST 4 (1957): s. 199-206. (Likprekenen er senere utgitt av Tore Vigerust på Vigerust.net)
  • Bjerke, Kaare. "Slekten Rosensverd (Handingmand) fra Skjeberg", Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 15 (1956): s. 193–218.
  • Spangen, Christian. "Litt om slekten Handingmann", HST 7 (19??): s. 106-107.
  • Grøtvedt, Per Nyquist. "Om "Handgænger Mænd" i Rosensverd-ættens adelspatent av 1458." Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 20 (1966): s.215&nash;120.

Anna litteratur der ætta er nemnt