Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrig
Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrig («Takk for din innsats 1939–45») er ein norsk medalje oppretta i samband med 70-årsmarkeringa for frigjeringa etter andre verdskrig.[1]
Medaljen skulle i utgangspunktet tildelast i tilknyting til jubile, men tildelingar fann og stad i åra etter. Hausten 2017 var minnesmedaljen tildelt omtrent 1 100 personer.[2]
Medaljen kunne tildelast norske og utanlandske militære (inkludert handelsflåten], samt sivile som påskjønning for innsats under andre verdskrig. For sivile kunne medaljen tildelast for deltaking i holdningskampen eller for farefullt/belastande redningsarbeid som følgje av krigshandlingar.[3]
Medaljen kunne etter fylkesmannen sitt skjønn tildelast personar som ikkje møtte kriteria for tildeling dersom vedkommande vart utsett for ekstra store belastningar under krigen. Døme på situasjonar som kunne vurderast er offer for represaliar og personar som vart skadelidande etter ulykker og bombeåtak.[4]
Ansvaret for å finna aktuelle mottakarar var lagt til kommunane som sende liste over personar som møte kriteria til fylkesmannen som gjorde vedtak om tildeling på vegne av staten.[3]
Medaljen kunne ikkje tildelast posthumt.[3]
Sjå og
Referanser
- ↑ Ny krigsmedalje: – Regjeringen er sent ute. NRK Hordaland.
- ↑ Statsbudsjettet 2018 : Forsvarsdepartementet : 6 Informasjonssaker. Finansdepartementet.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Kriterier/retningslinjer for tildeling og overrekkelse av regjeringens minnemedalje for innsats under andre verdenskrig. Forsvarsdepartementet.
- ↑ Jubileumsåret 2015 - Markeringer knyttet til andre verdenskrig side 14. Forsvarsdepartementet.