Georg Sulen

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 2. mar. 2020 kl. 20:24 av SMH (diskusjon | bidrag) (start)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Georg Matias Sulen (født 31. mai 1920[1], død 7. juni 2015 på Fedje[2]) var ein norsk krigsveteran frå andre verdskrig.

Krigstjeneste

Sulen forlot Norge om bord på M/B «Alf» frå Hernar 16. september 1941 og kom til Lerwick 18. september.[3]

I Storbritannia vart han 6. oktober 1941 innrullert i marinen.[1] I frå 12. november 1943 gjorde Sulene teneste på KNM «Stord».[4] I løpet av tjenesta på KNM «Stord» deltok Sulen i senkinga av «Scharnhorst», under landgangen i Normandie og i eskortetjeneste for arktiske konvoier.[5]

Under senkinga av «Scharnhorst» vart Sulen tatt av ein brottsjø og skada. Som følgje av det vart han overført til sjukestova om bord «Duke of York», der han fekk plass med dei 36 tyske overlevande frå «Scharnhorst».[6]

Utmerkelser

Sulen vart 21. juli 1944 tildelt Krigsmedaljen for "fortjenstfull innsats i den Kgl. norske Marine under krigen".[7]

For tjenesta vart han og tildelt Deltagermedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje[8], 1939–1945 Star, Atlantic Star, Arctic Star[9], Africa Star, France and Germany Star og Defence Medal, samt Jubileumsmedaljen i anledning av 40-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 50-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[6] og Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[10].[11]

Bibliografi

  • Scharnhorst i Slik vi husker det... tilbakeblikk 25 år etter (1970) s. 192-195.
  • Invasjonen i Frankrike i Slik vi husker det... tilbakeblikk 25 år etter (1970) s. 196-200.

Referanser

  1. 1,0 1,1 RA, Registration card - Georg M. Sulen
  2. Dødsannonse, Bergens Tidende, 11. juni 2015, s. 51.
  3. Ragnar Ulstein: Englandsfarten Band II - Søkelys mot Bergen, Det norske Samlaget, 1967, s. 297-298.
  4. Marinemuseet, Bemanningsrulle for KNM "Stord" i tiden 26 august 1943 - 8 mai 1945 (datert 1969).
  5. Georg Sulen i Slik vi husker det... tilbakeblikk 25 år etter (1970) s. 192-200.
  6. 6,0 6,1 Krigsveteranar heidra med russisk medalje (død lenkje), Liv Strømme, Hordaland fylkeskommune, 7. mai 2010.
  7. Statsråd 21. juli 1944, kgl. res. 201
  8. RA, Kartotekskort - Georg M. Sulen.
  9. Brev frå Gunn Sulen Gullaksen til Sigmund Mongstad Hope, 2. mars 2015
  10. Russiske ambassade i Norges facebookprofil, 2. mai 2015.
  11. Livar Aksnes: «Veteranar markerte 8. mai», Strilen, 11. mai 2013, s. 25.