Haakon VIIs 70-årsmedalje

Fra Slektshistoriewiki
Sideversjon per 14. mar. 2020 kl. 06:52 av SMH (diskusjon | bidrag) (Kort start - basert på norsk wikipedia)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon VIIs 70-årsmedalje.

Haakon VIIs 70-årsmedalje er ein norsk krigs- og minnemedalje. Medaljen vart innstifta av kong Haakon VII 27. oktober 1942. Den vart delt ut til militært personell som gjorde teneste i dei norske væpnede styrkane på kongen sin fødselsdag, 3. august 1942.[1]

Utforming

Medaljen er i bronse og har bilete av kong Haakon VII i admiralsuniform med omskrifta «HAAKON 7 NORGES KONGE» på advers.[2]revers står teksten «TIL MINNE OM / 70 ÅRSDAGEN / 3 AUGUST 1942» over tre linjer omgitt av ordenskjedet for St. Olavs Orden. I toppen av medaljen er ei kongekrone. Medaljen har eit raudt band med to gule striper.[2]

Medaljen vart modellert av Oskar Sørensen og vart produsert i 1946 av gullsmedfirmaet J. Tostrup i Oslo.

Tildeling

Etter innstiftinga i 1942 fekk mottakarane av medaljen berre tildelt båndstrips. Sjølve medaljen vart først produsert og utdelt i 1946. Det vart produsert 9 500 eksemplar.[1]

Tildeling forutsatte at ein vart funnen tenestleg og moralsk verdig, noko som medførte at dei som var straffa eller under etterforsking for særleg graverande forhold ikkje vart dekorert.[1]

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 Kjetil Henriksen, Sindre Weber og Eirik Brazier: Norske krigsdekorasjoner - For innsats under andre verdenskrig, Dreyers forlag, Oslo (2017) s. 41.
  2. 2,0 2,1 Kjetil Henriksen, Sindre Weber og Eirik Brazier: Norske krigsdekorasjoner - For innsats under andre verdenskrig, Dreyers forlag, Oslo (2017) s. 46.

Litteratur

  • John Monn: «Haakon VII 70-års medalje», Forsvarets Forum, nr. 20, 1994
  • Caroline Serck-Hanssen: «Krigsdekorasjonene til en skytter i handelsflåten», Norsk våpenhistorisk selskap. Årbok 2003, Oslo: Norsk våpenhistorisk selskap, 2003, s. 28–42
  • Carsten Svarstad: «Norges krigsdekorasjoner», Nordisk Numismatisk Unions Medlemsblad, nr. 6, august, 1946, s. 97–103
  • Per Thornit: The royal commemorative and coronation medals of Scandinavia 1892-1982, København: Ordenshistorisk selskab, 1984, s. 111–112. ISBN 8788513025
  • Tore Z. Trosdahl: Norges medaljer 1920–1995, Oslo: Tosses forlag, 2001, s. 51. ISBN 8299656818