Bernt Dahle
Utmerkelser
|
Bernt Dahle (født 10. januar 1906 i Kvinnherad, død 28. oktober 1942 i Atlanterhavet) var ein norsk krigssiglar som omkom under andre verdskrig.[1]
Krigstjeneste
Dahle hadde tatt handels-, radio-, styrmann- og skipparskule og sigla frå 1. juli 1940 til 20. mai 1942 som 1. styrmann og radiotelegrafist på D/S «Annik».[1][2]
Dahle skulle i 1942 inn i marinen som offisersaspirant, men omkom på veg til Storbritannia 28. oktober 1942 då D/S «Komos II» vart torpedert i Atlanterhavet.[1][3]
Utmerkingar
Dahle vart 28. november 1980 tildelt Krigsmedaljen.[4]
Referanser
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Våre falne - Første bok (1950) s. 436.
- ↑ Bernt Dahle, krigsseilerregisteret.no, vitja 1. mai 2020.
- ↑ Bernt Dahle, krigsseilerregisteret.no, vitja 1. mai 2020.
- ↑ Bernt Dahle, krigsseilerregisteret.no, vitja 1. mai 2020.