Riksheim (gård i Sykkylven sogn)
Riksem, i nyere tid omtalt Riksheim, er ein gard (gnr. 36) i Sykkylven, på sørsida av Sykkylvsfjorden og ligge under Sørestranda. Garden grensar mot Riksheimgjerde (gnr. 35) og Straumsheim i sør og Erstad (gnr. 37) i nord. Gården er beskrevet i Gardssoga for Sykkylven III, skrevet av Martin Gjævenes.
Skole, kraftverk og industri
Etter omgangsskuletida var Riksheim eigen skulekrins, saman med gardane Riksheimgjerde og Erstad. Kjøpekontrakta for skuletomta er datert 4. juni 1891 og truleg vart skulebygget reist og teke i bruk i 1892 eller 1893. I 1955, etter at det vart bygt ny skule i Tandstad krins, vart Riksheim skule lagt ned og elevane flytte til skulen i Straumgjerde. Riksheimskulen vart demontert og materialane låg i mange år vekkstua. I midten av 1990-åra tok nokre oppsitjarar på Riksheim initiativ til å setje opp att skulen for å kunne nytte han som samlingshus for krinsen. I 1996 starta gravearbeidet og fire år seinare var huset ferdig i det ytre.
Også Riksheim fekk sin del av industrireisinga i Sykkylven. Den første trevarefabrikken var Riksheim Trevarefabrikk. Etter krigen kom Lars P. Riksheim i gang med ei dreieverksemd. Grunnlaget for industrireisinga i Sykkylven var etableringa av Sykkylven kommunale kraftverk, nå klassifisert kraftstasjon, som vart bygt på Riksheim i 1918, ikke så lenge etter den samme tiden som Oslo fikk sitt første. I seinare tid er det også satt opp kraftverk ved innløpet til "Dammen" i Riksheimdalen, som utnyttar vassfallet frå vatna lenger inne i Riksheimdalen.
Kjelder og litteratur
Martin Gjævenes: Gardssoga for Sykkylven. Bd. 3. Sykkylven 1983. Jens Petter Riksem: «Riksheim skule». Artikkel i Årbok for Sykkylven 2000.
Referansar
https://www.sykkylven-energi.no/alt-anna/om-sykkylven-energi/ https://www.sykkylven-energi.no/alt-anna/produksjon-av-straum/