Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 (bok)
Tittel | Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 | ||
Forfatter(e) | Harildstad, Gudmund Kruken, Kristoffer | ||
Utgiver | Novus forlag | ||
Utgivelsessted | Oslo | ||
Årstall | 2017 | ||
Sideantall | 497 s. | ||
Språk | Norsk (bokmål) | ||
Bibliotekkatalog | Oria | ||
Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken ga ut Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932[1] i Oslo 2017.
Ivar Kleiven (1854–1934) samlet inn og publiserte bygde- og kulturhistorie fra Gudbrandsdalen. Boken inneholder 178 brev som Ivar Kleiven og ungdomsvennen Kristian Prestgard skrev til hverandre. Prestgard utvandret til Amerika. Et register på 700 personer viser til omtaler av lokalbefolkningen i Nord-Gudbrandsdalen. Spesielt slektsforskere med slekt i Gudbrandsdalen vil ifølge anmelderen ha nytte av boken.
Omtaler og anmeldelser
Anfinn Bernaas anmeldte Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 i Genealogen 2014.[2]
«Register med over 700 personar og vitale data om dei alle. Det er berre noko av det Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken byr på i den nyutkomne boka som gjer offentleg 178 brev som er tekne vare på av den fortrulege brevvekslinga mellom kulturpersonlegdomane Ivar Kleiven (1854–1934) og Kristian Prestgard (1866–1946).
Slekts- og lokalhistorikarar med Gudbrandsdalen som område kjem ikkje utanom Ivar Kleiven frå Vågå. Han vigde livet sitt til innsamling og publisering av bygde- og kulturhistorie, ættesoger og folkeliv frå Lesja og Skjåk i nord ned gjennom dalføret til Gausdal i sør. I tillegg var han sterkt engasjert i lokalsamfunnets ulike folkevalde organ og levande oppteken av alt som rørte seg i samtida.
Som ung mann var Kleiven elev på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord til liks med andre evnerike ungdommar frå Bygde-Noreg. På folkehøgskulen i Seljord blei han og den tolv år yngre Kristian Prestgard frå Heidal venner for livet. Dei brevveksla sidan gjennom 46 år, heilt fram mot slutten av Kleivens liv.
Kristian Prestgard drog som journalist til verdsutstillinga i Chicago i 1893, men reisa enda med at han blei buande i Amerika resten av livet. Han er for alltid knytt til Decorah-Posten, den største norsk-amerikanske avisa, der han blei redaktør og seinare sjefredaktør. Han var så og seia Decorah-Posten personleg, men var også ein sentral person i det norskamerikanske emigrantmiljøet. Mellom anna var han med å skipe NAHA, det norsk-amerikanske historielaget.
Dei 178 breva fyller nærare 500 sider og gjev eit eineståande samtidsbilete av viktige hendingar i norsk kultursoge og samfunnsliv. Det heile er krydra med humoristiske og reflekterte kvardagsglimt.
Det ligg årevis med iherdig arbeidsinnsats bak avskrivinga av dei 178 breva. Forklaringar til ord, namn eller hendingar som lesarar anno 2017 ikkje utan vidare er fortruleg med, er brukarvennleg plas serte som 520 fotnotar. I tillegg kjem skattkista av det tidlegare nemnde personregisteret med over 700 personar. Her finn ein bygdefolk, lærarar og elevar frå folkehøgskuletida i Seljord, men eit enda større og rikhaldig persongalleri frå samfunns- og kvardagsliv i lokalsamfunnet i Nord-Gudbrandsdal, og dessutan i storsamfunnet i Noreg og Amerika.
Naturleg nok vil særleg gudbrandsdølar finne att personlege omtaler av forlengst avdøde bygdefolk. Dessutan gjev uhøgtideleg og ironisk omtale av t.d. nasjonalikon som Bjørnstjerne Bjørnson, nemnd som «Aulestadpaven», eit meir samansett samtidsbilete enn det seinare generasjonar har fått overlevert. Slike personlege karakteristikkar og skildringar, i ei glitrande målføring, gjer boka verdt å lesa sjølv om ein ikkje har ei geografisk eller familiær tilknyting til stader eller folk som er omtala. Anfinn Bernaas»
Referanser
- ↑ Harildstad, Gudmund m.fl. Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932. Novus forlag, Oslo, 2017.
- ↑ Bernaas, Anfinn. «Brevveksla gjennom 46 år – omtale av 700 personar», Genealogen, nr 1, 2018, s. 46–47.
Litteratur
- 2017). Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932. Novus forlag, Oslo – 497 s. (
Eksterne lenker
- Ivar Kleiven (Store norske leksikon/snl.no).