I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa (bok)
Tittel | I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa | ||
Forfatter(e) | Kleiven, Ivar | ||
Bidragsyter | Harildstad, Gudmund Kruken, Kristoffer | ||
Utgiver | Novus | ||
Utgivelsessted | Oslo | ||
Årstall | 2020 | ||
Sideantall | 398 s. | ||
Språk | Norsk (nynorsk) | ||
Noter | 1.utgave: Aschehoug, Kristiania, 1908 2.oppl. Aschehoug, Oslo, 1944 | ||
Bibliotekkatalog | Oria NSFs bibliotek Aschehoug, Oslo, 1944 | ||
Gudmund Harildstad (1965–) og Kristoffer Kruken (1950–) ga ut Ivar Kleivens(1854–1934) I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa[1] i ny utgave i Oslo 2020.
Ifølge anmelderen forente Iver Kleiven folkeminne og historiske kilder på en forbilledlig måte. Boken var det nærmeste man kom en gårds- og ættehistorie om Vågå, og den inneholder en egen del om ættegransking. I den drøftet Klaus Johan Myrvoll senere funn i forskningen på Sandbu-Harildstad-ætten og Bratt-ætten på Bjølstad. Boken har navneliste. Kleivens språk kan være tungt for dem som ikke kjenner den gamle dialekten.
Omtaler og anmeldelser
Frode Myrheim anmeldte I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa i Genealogen 2020.[2]
«Det er ein eigen dåm yver Ivar Kleivens namn, og for mange er han sjølve sogemannen i Gudbrandsdalen. Han var fødd på Søre Kleivi i Lalm i 1854 og døydde på Kleivsætri i 1934. Kleiven var ein samansett mann: Han var gardbrukar, turistvert, målmann, politikar, folkeupplysningsmann og ikkje minst sogemann. Kleiven skreiv fleire bøker um ymse bygder i Gudbrandsdalen. I gamle Daagaa frå 1908, seinare attprenta i 1944 og 1977, må segjast å vera ein klassikar og fekk god umtale i samtidi. Den nye utgjevnaden ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken er prenta ordrett etter originalen frå 1908. Han byggjer på boki Segner fraa Vaagaa som Kleiven gav ut i 1894. Boki er gjevi ut på Novus forlag, elles kjend for utgjevnaden Bustadnamn i Østfold, men og mykje anna filologisk to. Ho er god å blad i og hev eit gildt omslag i blått med eit bilæte av Nedre Bjørnstad på Lalm frå 1898. I tillegg til Kleivens eigne noter hev utgjevarane sett inn kringom 150 noter på ord som Kleiven ikkje greidar ut um. Men her kunde det ha vori langt meir ordforklåringar. Her er au noter med rettingar og upplysningar av Klaus Johan Myrvoll, meir um honom nedanfor.
Boki er skipa i fem kapitel med eit tillegg:
- I. Hulder og Onde-Buandes (19–56)
- II. Naagaa ‘taa kaart (57–105)
- III. Skjyttare og Kjempo (107–190)
- IV. Bygda-Konstnare (191–248)
- V. Gamle Ækte (249–334) og
- Te-Legg (334–340)
Her er mykje um hulder, troll og sterke menner det gjeng gjetord um. Men det er au gjeti um handverkarar og handverkstradisjonar og um veidemenner som Jo Gjende. Det geografiske umkvervet i boki er Norddalen med tyngdi på Vågå med Sel og Heidalen. Boki kann nok vera litt tung å lesa for deim som ikkje er vand med Lalmsmålet frå 1830-talet, men målet gjev boki ein særeigen historisk dåm og hått. Kleiven sameiner folkeminne og historiske kjeldor på ei framifrå gjerd i denne boki. I ein eigen bolk, kapitel V, gjev Kleiven eit utsyn yver ættene på femtan av dei gjevaste gardane i Vågå med Heidalen og Sel. Framleides er denne boki det næraste Vågå og Sel kjem ei gards- og ættesoga. Og det er i det heile ei gåta kvifor mange bygder i Gudbrandsdalen til no stend utan gards- og ættesoga.
Heilt nytt i denne utgåva er ein eigen bolk kalla Ivar Kleiven og ættegranskingane hans (341–358) med utfyllande litteratur av norrønfilologen og ættegranskaren Klaus Johan Myrvoll. Sjølv um Kleivens ættesoga inneheld mistak, meiner Myrvoll at ho framleides held vatn. Med tanke på at Kleiven ikkje var faghistorikar og at den økonomiske stoda ikkje var god, er arbeidet både ei bragd og originalt, meiner Myrvoll.
Ættekjensla var sterk hjå Kleiven, og Myrvoll meiner at han vilde gjera sambygdingane sine merksame på den lange soga dei sjølve var ein del av. Um ættekjensla var sterk, var ho ikkje utan kritikk, skriv Myrvoll. Kleiven er til dømes svært kritisk til treskurden åt farfaren. Han ser med blidare augo på ekteskap millom til dømes bønder og husmenn, slik han sjølv var komen ut av. Kleiven er au svært kritisk til gjerdi med å gifta seg innanfor ætti. Han meinte at dette var skuld i at dei elles so sterke ættene i Norddalen hadde gjengi til atters med helsa.
Dei største avviki millom Kleivens ættesoga og det som hev komi fram i seinare ættegransking dryfter Myrvoll i eigne kapitel kalla Sandbu-Harildstad-ætti og Bratt-ætti på Bjølstad. Til no hev Ivar Gjæsling på Sandbu, nemnd som ein av tri lendmenner i 1177 i Sverre-soga, vori den eldste me kjenner på Sandbu. Myrvoll hev derimot funne fram til ein eldre Ivar på Sandbu, nemnd i «sunnmørsættleggene» som seinast vart utgjevne av Gustav Storm i 1876. Myrvoll skriv at Ivar på Sandbu kann ha levt på 1000-talet og kann ha vori farfar åt Ivar Gjæsling i 1177. Myrvoll meiner, i motsetnad åt Kleiven, at fleire av Sandbu-mennene hev vori blant dei fremste av kongens menner på Upplandi og at dei hadde ambisjonar i riksstyringi. På bakgrunn av segni um Riddarspranget og «Skaarvangs-Sole» framsett Myrvoll hypotesen um at Ivar Sandbu i 1238 og hertug Skule Bårdsson var halvsystkinborn. Elles nemner Myrvoll millom anna at Kleiven blandar dei tvo konone åt væpnaren, riksråden og kongens syslemann i Nord-Gudbrandsdalen Hallvard Alvsson: Jartrud Pålsdotter og Gjertrud Pålsdotter.
Bratt-ætti er den ætti frå Gudbrandsdalen som utan samanlikning hev fengi mest åtgaum gjennom tidi, skriv Myrvoll. Guttorm Eindridsson Bratt er den fyrste som er nemnd med tilnamnet Bratt i denne ætti (1497, 1500 og 1510), og Myrvoll skriv at det hev vori gissa på at det var far hans, Eindrid Eiriksson, som hadde gjort seg verdug til namnet. Kleiven visste at Guttorms kona var Cecilie Petersdotter, men han kjende ikkje til upphavet hennar. Myrvoll skriv at det var Nicolai Stene som greida ut at ho var dotter av Peter Gudleiksson på Skjåk i Skjåk i NST i 1936, og at dette i dag vert sett på som påliteleg kunnskap. Myrvoll skriv at det i dag er tvo hypotesar um upphavet åt morsætti til Cecilie: 1) Morsætti var av O-ætti på Heidmork eller 2) Morfaren var Øystein Godensson, nemnd i 1448. Med det kjeldematerialet me i dag hev er det ikkje råd å segja sikkert kven av dei som er rett, skriv Myrvoll, men han meiner at det er mest sannsynleg at Cecilia var uppattkalla etter Cecilia Sigurdsdotter, dotter av riddaren og riksråden Sigurd Havtoresson, og difor var av O-ætti. Hin hypotesen vart framsett av Tore Vigerust i Genealogen 1/99. Som Myrvoll skriv, ser Vigerust heilt burt frå Cecilia-namnet i sin argumentasjon, og han dryfter heller ikkje kor sannsynlegt det er at Jon Gyrdsson av O-ætti ikkje skulde vinna fram med odelssøksmålet sitt. Vigerust byggjer sin argumentasjon fyrst og fremst kring at son åt Guttorm og Cecilia var uppattkalla etter lang-godfar sin, Øystein Godensson.
Atterst i boki er ei Namn-Liste (359–398) som er utvida frå tidlegare utgåvor. Her er au namn frå den nye bolken åt Myrvoll komne med.
Det er ikkje mykje å setja fingeren på i boki. Som nemnt kunde det ha vori fleire noter med utgredingar um ord og uttrykk. Av småting kann nemnast at det er nytta eit arabisk eit-tal og ikkje romersk eit-tal, slik det er i originalen, framfor Hulder og Onde-Buandes på sida 11. På sida 323 skriv Kleiven at Hæringstad «er ikkje funne nemnt firi 1520». Truleg er dette talet herma frå Oluf Ryghs Norske Gaardnavne fjorde band, fyrste halvdel (sida 85), som kom ut i 1900. Rygh nyttar 1520 um veitslegjerdi (gjengjerdi), som i røynda var frå 1528. Kleiven nemner elles til dømes Bård på Valbjørg (sida 262) og Ingrid på Bjørnstad, båe i 1528 (sida 301). Kleiven kjende med andre ord til veitslegjerdi som var utkomen i Norske regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, utgjeve av Det Norske historiske Kildeskriftfond i 1906. Elles burde vel den danske diktaren Adam Oehlenschläger ha vori skriven som Øhlenslæger i Namn-Lista og vori sett inn under O som «Ohehlenschläger – sjå Øhlenslæger» au.
Gudmund Harildstad, Kristoffer Kruken og Klaus Johan Myrvoll skal ha all æra for denne utgåva av Kleivens «I gamle Daagaa». Frode Myrheim»
Referanser
- ↑ Kleiven, Ivar. I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa. Novus, Oslo, 2020.
- ↑ Myrheim, Frode. «I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa», Genealogen, nr 2, 2020, s. 52–53.
Litteratur
- 2020). I gamle daagaa. Forteljingo og bygda-minne fraa Vaagaa. Novus, Oslo – 398 s. (