Lærarlistene 1835, Ulstein prestegjeld

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Lærarlistene 1835, Ulstein prestegjeld (bm.: Lærerlistene 1835, Ulstein prestegjeld) er ei samling med personopplysningar frå 1835 for prestegjeldet Ulstein i Søre Sunnmøre. På slektsssidene til slektsforskaren Ivar S. Ertesvåg[1] kan ein finne ein avskrift av «Lærarlistene». I innleiinga kan ein lese følgjande om «Lærarlistene»:

Prestegarden Dimnasund i Ulstein brann julenatta 1832, med alle kyrkjebøkene. Noko etterpå, i 1835, vart det samla inn opplysningar om "alt folk" i prestegjeldet. Desse listene har vorte heitande "Lærarlistene", sidan lærarane stod for innsamlinga. Dei ligg i Statsarkivet i Trondheim, Ulstein sokneprestarkiv. Ulstein prestegjeld var i 1835 Ulstein sokn (som i dag utan Eiksundbygda) og Hareid sokn (Hareid sokn/kommune på Hareidlandet som i dag, Vartdalsstranda - i dag eige sokn i Ørsta, og sju gardar sør på Sula - no i Sula kommune). Det er 7 lister i alt, éi for kvart av dei fem skuledistrikta og to kortare lister i tillegg.

Referansar

Litteratur

  • Ertesvåg, Ivar S. «Lærarlistene – alt folk i Ulstein prestegjeld 1835», NST 44 (2014), s. 59–74.

Eksterne lenkjer