Norges landbrukshistorie I–IV

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
TittelNorges landbrukshistorie I–IV
Årstall2002
Sideantall4 bind
SpråkNorsk
NoterB.1 Jorda blir levevei. 4000 f.Kr.–1350 e.Kr. Av Bjørn Myhre og Ingvild Øye
B.2 Frå svartedauden til 17. mai. 1350–1814. Av Kåre Lunden
B.3 Kontinuitet og modernitet. 1814–1920. Av Brynjulv Gjerdåker
B.4 Frå bondesamfunn til bioindustri. 1920–2000. Av Reidar Almås
BibliotekkatalogB.1 Oria
B.2 Oria
B.3 Oria
B.4 Oria

Norges landbrukshistorie I–IV[1] ble gitt ut i Oslo 2002.

Verket behandler perioden 4000 f.Kr. til 2000 e.Kr. Det er ikke et slektshistorisk arbeid, men gir slektsforskere mulighet for å sette aner med gårdbruker-bakgrunn inn i en større samfunnsmessig og historisk sammenheng. I anmeldelsen finnes en oversikt over anmeldelser av hvert bind. Anmelderen mente at verket for det meste lyktes i å gi en bred kulturhistorisk dekning av norsk landbrukshistorie.

Omtaler og anmeldelser

Historiker og førstearkivar ved Riksarkivet, Jo Rune Ugulen (1968–) anmeldte Norges landbrukshistorie I–IV i Genealogen 2004.[2]

«Eit verk av eit slikt omfang som den no to år gamle Norges landbrukshistorie, er ikkje råd å gje ei så fyldig og brei omtale som det fortener, i dette medlemsbladet på 64 sider. Det skal eg heller ikkje prøva på. Men ein omtale fortener verket absolutt. Kvifor det fortener omtale i medlemsbladet til Norsk Slektshistorisk Forening er vel også sjølvinnlysande.

Sjølv om verket i seg sjølv ikkje på nokon måte er eit slektshistorisk arbeid, er det likevel slik at den aller største delen av den slektshistorisk interesserte befolkninga i Noreg har sine røter i agrarsamfunnet. Nær sagt alle har ein ane som var anten bonde eller husmann, trell eller jordeigar. Og dermed har dette verket stor relevans for dei av oss som ønskjer å setja oss litt meir inn i det samfunnet anene våre levde i, anten det no var i 1930-åra eller i mellomalderen. Ifølgje forlaget skal verket Norges landbrukshistorie gje ei «brei, kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet». Det er noko som etter mitt syn, langt på veg lukkast.

Som nemnt skal eg ikkje her koma med ei tradisjonell melding av Norges landbrukshistorie. I staden har eg valt å kort referera andre og meir fyldige bokmeldingar av dei forskjellige banda, og visa til lett tilgjengelege tidsskrift som har desse meldingane.

Det første bandet er skrive av arkeologen Bjørn Myhre og historikaren/arkeologen Ingvild Øye. Bandet dekkjer ein tidbolk som strekkjer seg frå 4000 f.Kr. til 1350 e.Kr., såleis noko over 5000 år, der kvar av forfattarane har skrive omlag halve bandet. Myhre skriv om tida fram til omlag 800, medan Øye skriv om tida etter 800 og fram til den store mannedauden i 1349–50. Boka fekk ei fyldig melding av professor Svein Indrelid ved Bergen Museum i Heimen nr. 1/2003, og Indrelids melding er jamt over positiv. Likevel er han kritisk til Myhres bruk av eit par hovudoppgåver som analyserer snitt av åkerreiner på to fjellgardar i Sogn. Dette fekk ei av hovudfagsstudentane til å skriva eit motinnlegg i Heimen nr. 3/2003, der ho kritiserer Indrelid for å vera usakleg.

Band to er skrive av professor Kåre Lunden. Sentralt for Lunden er det økologiske perspektivet på landbrukshistoria, det vil seia samspelet mellom menneska og institusjonane på den eine sida, og det naturgjevne og sosiale miljøet på den andre. Boka vart nærast i panegyriske ordelag meldt av professor Jørn Sandnes i Heimen nr. 3/2003. Noko meir distansert var Arnfinn Kjelland i si melding av den i HIFO-nytt nr. 2/2004, men også han er svært positiv i si omtale av boka. Lundens bok er nok også den eg sjølv kjenner best, og jamt over vil eg seia meg samd i at det er ei svært god bok på innhaldssida. Det er rett nok alltid noko å vera usamd med Lunden i, men det endrar ikkje hovudinntrykket mitt. Den største innvendinga mot den er kan henda at den er tung å lesa for det allmenne publikumet, noko John Ragnar Myking også peikar på i si noko meir kritiske melding av den i Scandinavian Journal of History 28 frå 2003.

Det tredje bandet femner tidbolken frå 1814 til 1920, og er skrive av professor Brynjulv Gjerdåker ved Høgskulen i Volda. Undertittelen på boka, Kontinuitet og modernitet, seier det meste om kva endringar det norske landbruket gjekk gjennom i denne tida. Gjerdåkers bok fekk heiderleg omtale av Jan Anders Timberlid i HIFO-nytt nr. 4/2003, men mykje hardare medfart av professor emeritus Stein Tveite i Heimen nr. 4/2003. Meldinga til Tveite kan ikkje lesast som noko anna enn eit regelrett slakt.

Det fjerde og siste bandet er skrive av professor Reidar Almås ved NTNU, som også er hovudredaktør for heile verket. Bandet femner tida frå 1920 til våre dagar, og fekk relativt god omtale av Lars Gaute Jøssang i Heimen nr. 3/2003. Ei hovudinnvending som Jøssang har, er likevel at boka ikkje har mykje stoff om korleis det var å vera «bondemann, bondekone og bondeunge i det norske landbruket utover på 1900-talet». Meir kritisk til bandet er Robert Lalla i HIFO-nytt nr. 2/2004, som konkluderer med at boka ikkje er tilstrekkeleg som eit standardverk for norsk landbrukshistorie.

Den einaste som har drista seg til å melda heile verket, er Atle Døssland, som har gjort dette over 11 sider i Historisk tidsskrift nr. 1/ 2004. Alt i alt er Døsslands omtale positiv, utan å vera kritikklaus. Men det vil føra for langt å gå meir i djupna om dette her.

For oversynets del har eg nedanfor sett inn eit oversyn over kven som har skrive dei forskjellige bokmeldingane, og eventuelle motinnlegg, og kvar dei kan finnast. Oversynet er ikkje komplett med omsyn til alle bokmeldingane som har stått i forskjellige aviser, men for dei fleste tidsskrifta skulle det vera bra. Jo Rune Ugulen.

  • Døssland, Atle. Melding av Norges landbrukshistorie I–IV. Oslo: Det Norske Samlaget, 2002. (Norsk) Historisk tidsskrift 83, nr. 1.
  • Indrelid, Svein. Melding av Bjørn Myhre og Ingvild Øye: Norges landbrukshistorie I. 4000 f.Kr.–1350 e.Kr. Jorda blir levevei. Det Norske Samlaget, Oslo 2002. 496 s. Heimen 40, nr. 1 (2003): 67–70.
  • Jøssang, Lars Gaute. Melding av Reidar Almås: Norges landbrukshistorie IV 1920–2000. Frå bondesamfunn til bioindustri. Det Norske Samlaget, Oslo 2002, 453 sider. Heimen 40, nr. 3 (2003): 222–225. Kjelland, Arnfinn. Melding av Kåre Lunden, Norges landbrukshistorie II. 1350–1814. Frå svartedauen til 17. mai: 1350–1814. Det Norske Samlaget 2002. HIFO-nytt 2004, nr. 2 (2004): 32–34.
  • Lalla, Robert. «Tidlig innhøsting.» Melding av Reidar Almås, Frå bondesamfunn til bioindustri: 1920–2000. Norges landbrukshistorie IV. Det Norske Samlaget 2002. HIFO-nytt 2004, nr. 2 (2004): 35–39. Larsen, Janicke. «Usaklig om Vestlandsgårdprosjektet.» Heimen 40, nr. 3 (2003): 215–217.
  • Lunden, Kåre. «Brukstal og folketal i Noreg før Svartedauden – ein merknad.» Heimen 41, nr. 1 (2004): 57–61. Myking, John Ragnar. Melding av Kåre Lunden, Frå svartedauen til 17. mai: 1350–1814 [From the Black Death to 17th of May 1350–1814], edited by R. Almås. Vol 2. Norges landbrukshistorie (Oslo: Samlaget, 2002). 456 pp. ISBN 82-521-5584-7. Scandinavian Journal of History 28 (2003): 286–288.
  • Sandnes, Jørn. Melding av Kåre Lunden: Norges landbrukshistorie II. Frå Svartedauden til 17. mai. Det Norske Samlaget, Oslo 2002. 456 s. Heimen 40, nr. 3 (2003): 219–222. Timberlid, Jan Anders. Melding av Brynjulv Gjerdåker, Kontinuitet og modernitet, Norges landbrukshistorie, bind III, 1814–1920. Samlaget. HIFO-nytt 2003, nr. 4 (2003): 20–23.
  • Tveite, Stein. «Landbrukshistorie?» Melding av Brynjulv Gjerdåker: Norges landbrukshistorie. Bind III. 1814–1920. Kontinuitet og modernitet. Utg. av Det Norske Samlaget, Oslo 2002. Heimen 40, nr. 4 (2003): 297–303.»

Referanser

  1. Norges landbrukshistorie I–IV, Det norske samlaget, Oslo, 2002.
  2. Ugulen, Jo Rune. «Norges landbrukshistorie I–IV», Genealogen, hefte 2, 2004, s. 63–64.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anonym (2002). Norges landbrukshistorie I–IV. Det norske samlaget, Oslo –  4 b.