Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn – utbreiing, tyding og opphav

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
TittelNorsk etternamnleksikon.
Norske slektsnamn – utbreiing,
tyding og opphav
Forfatter(e)Veka, Olav
UtgiverSamlaget
UtgivelsesstedOslo
Årstall2000
Sideantall501 s.
SpråkNorsk (Nynorsk)
NoterSamlaget kunnskap
Samlagets bøker for høgare utdanning
BibliotekkatalogOria
Digitalt tilgjengeligNB

Filolog og navnegransker Olav Veka (1942–)[1] ga ut Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn – utbreiing, tyding og opphav[2] i Oslo 2000.

Boken omfatter omtrent 25 000 slektsnavn med minst 25 bærere av navnet. Grensen på minst 25 bærere er likevel ikke strengt overholdt. Boken bygger på et uttrekk fra Folkeregisteret 1993. Forfatterens mål var å gi opplysninger om hva navnet betyr, hvilket opphav det har og hvor mange som bærer det. Slektsnavn i Norge med opprinnelse i andre land er også tatt med. I innledningen finnes orienteringer om norske, nord- og sørsamiske, danske, svenske og finske etternavn. De forskjellige gruppene etternavn som omtales i innledningen er patronymikon, gårdsnavn, yrkesnavn, personnavn og ornamentale navn. Anmelderen mente at leksikonet var et etterlengtet og ryddig verk, spesielt for slektsgranskere. Han argumenterte for at forfatteren burde ha anvendt termene slektsnamn i stedet for «etternamn», og bustadnamn i stedet for «gårdsnamn».

Leksikonet ble utgitt i ny, revidert og utvidet utgave[3] i Oslo 2016.

Navneforsker Ivar Utne skrev en relevant artikkel i Genealogen 2001[4] om den historiske utviklingen av slektsnavn i Norge.

Omtaler og anmeldelser

Frode Myrheim anmeldte Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn – utbreiing, tyding og opphav i Genealogen 2001.[5]

«Endeleg har det kommi eit etternamnleksikon. Det var på høg tid, vil eg seia, og det vil vel mange som driver med slektsgransking seia seg samde i. Boka går inn i ein serie med brukarvennlege bøker frå Samlaget, og føyer seg pent inn i rekkja av ordbøker og namneleksika som Samlaget har gjeve ut dei siste åra. Boka har ei ryddig framstilling med innleiing og nokre kapittel om namneskikken i historisk perspektiv.

I innleiingskapitlet får vi m.a. veta at tradisjonen med slektsnamn var godt innarbeidt alt før namnelova av 1923 kom. Namnelova vart derfor berre ei juridisk kodifisering av dei verkelege namnetilhøva her i landel. Noko som var nytt for meg er at mange etternamn ofte har to former. Ei eldre som bar eldre dansk skriftspråk som grunnlag og ei nyare som er fornorska og meir i tråd med den lokale uttala av gardsnamnet på heimstaden. Namneberarane som har den fyrste forma, bur som regel i byane av di dei hørte til dei som flytta frå heimstaden og inn til byane og dermed tok med seg den gamle skriftforma. Dei med den fornorska skriftforma bur som regel på heimstaden fordi dei fornorska namnet sitt i tråd med gardsnamnet. Vidare får vi veta at det er fleire som har fornorska namn på Vestlandet enn på Austlandet, noko som heilt klart har med norskdomsrørsla å gjera. Om lag 70 % av alle etternamna her i landet er av typen gardsnamn eller bustadnamn. Det vil seia at disse namna ikkje er laga som etternamn. Derimot er det så mykje som 26 % av alle nordmenn som berer eit -sen-namn.

Etter dette følgjer eit kapitel av Håkan Rydving om nordsamiske slektsnamn, eit av Anders Løøv om sørsamiske ettenamn, eit av Elin Vanje Karikoski om finske etternamn og til slutt eit av Olav Veka sjøl om danske og svenske ettenamn. Her får vi m.a. veta at Danmark har den minst nyanserte bruken av etternamn. Tal som dette viser kvifor: Nesten 60 % av alle danskar berer eit -sen-namn. Over 50 % av det danske folket berer dei same 60 slektsnamna, og 6 % av dei skriv seg Jensen.

I kapitlet om svenske etternamn får vi veta at det som er særmerkt med svenske etternamn samanlikna med norske, er at i likskap med Danmark er -son-namn meir utbreidde. Andre ting som skil er at namn som for oss verkar å vera bustadnamn, er laga ved å stille samen forleddet av eit gardsnamn med eit anna etterledd. Namnet er altså laga som etternamn. I tillegg er det ein nokså utbreidd etternamnstype i Sverige som ein ikkje finner her til lands, nemleg humanistnamn av typen Leander, Tegner og Forsell. Siste leddet i Leander er det greske andros som tyder mann. Ein annan type namn som finst i Sverige, er såkalla soldatnamn av typen Rapp, Rask og Strid.

Etter desse kapitla kjemer hovuddelen av boka, som er etternamnleksikonet. Dette er eit alfabetisk oversyn over om lag 25 000 etternamn. Til saman finst det om lag 104 000 etternamn her i landet. Den nedre grensa er sett ved 25 namneberarar for at namnet skal komma med. Der ein har ulike skriftformer av eit namn, er det det totale talet av dei ulike skriftformene som teler. Også namn som er allment kjente er tekne med. Eksempel på det er namnet Manus fra motstandsmannen Max Manus og Dass frå Alstadhaugpresten Petter Dass.

Forfatteren grunngjev denne nedre grensa med at boka ville vorte altfor stor om han skulle ha teki med absolutt alle etternamna som finst i landet, og det er vel forståeleg når vi veit at det finst så mange som 104 000 etternamn her i landet. Å gje att eit slikt materiale ville sprenge grensene totalt for eit slikt bokverk. Dei ulike namna er delt inn i følgjande etternamngrupper: patronymikon, gardsnamn, yrkesnamn, personnamn og ornamentale namn. Den siste gruppa omfattar namn som er laga som slektsnamn og som altså ikkje har opphav i noko stadnamn.

For gardsnamna seier han at det ikkje har vori råd å finne ein fagleg forsvarleg definisjon av gardsnamn. Men ettersom termen gardsnamn står så sterkt i norsk namnegransking, har han valt å bruke denne sjøl om ein har gått meir og meir bort frå den i nyare forsking som t.d. «Bustadnamn i Østfold», som hittil har kommi med tre band. Oppslagsnamna er delt opp i for- og etterledd med eit punktum der det er fleire namn som har det same forleddel. Dette er vel for å spara plass.

Bak i boka er det eit statistisk oversyn over dei mest utbreidde slektsnamna i grannelanda og i nokre vestlege land. Artig er karta over utbreiinga av etternamn med tydinga smed i Europa og patronym i Europa. Meir instruktiv er skjemaet over når dei ulike etterledda som inngår i etternamna vart til. Eit kart viser den geografiske spreiinga av dei vanlegaste etterledda i slektsnamn. Her kan ein klart sjå at det er relativt store regionale forskjellar frå landsdel til landsdel.

Det fyrste spørsmålet som feller meg i hugen, er kvifor forfattaren har valt å kalle boka etternamnleksikon og ikkje slektsnamnleksikon. Forfattaren gjev her heller ingen grunn. Etter mi meining er etternamn ein mindre presis term som også omfattar farsnamn eller patronymikon. Slektsnamn derimot tyder jo berre noko som er arveleg. Forfattaren er heller ikkje konsekvent da han på s. 17 brukar slektsnamn i overskrifta «1. Slektsnamn av gardsnamn».

Eg tykkjer at forfattaren burde ha brukt nemninga bustadnamn i staden for gardsnamn av to grunnar. For det fyrste for å rette seg etter nyare forsking som t.d. «Bustadnamn i Østfold», og for det andre av di nemninga bustadnamn er mykje betre enn gardsnamn rett og slett fordi ho er meir beskrivande. Ho er ikkje meir presis, men ho seier rett og slett at staden har namn etter ein plass der det har butt folk. Gardsnamn derimot seier oss noko meir i tillegg. Dei fleste vil i dag med gard forstå ein stad der ein produserer landbruksvarer. I tillegg er det vel gjerne slik at garden har ein viss alder. Gardsnamn er i alle høve ikkje noko god nemning å bruke.

Som eit døme på kor upassande og dårleg nemninga «gardsnamn» er, vil eg ta for meg mitt eige etternamn Myrheim som står i sp. 1 på s. 295. Her står namnet tyda som: av nyare gardsn. m.a. i Elverum+heim. Eg har namnet mitt frå den staden forfattaren peikar på i Elverum. Dette var ein bustad som vart grunnlagt i 1899 av min tippoldefar Petter Gudbrandsen. Ved folketeljinga i 1900 hadde dei korkje utsæd eller dyr. Av hus var det berre ei lita stue og av jordveg ein kjøkkenhage. Det kan derfor ikkje vera nokon tvil om at denne bustaden aldri har vori noko gardsbruk, og dermed kan Myrheim heller ikkje kallast noko gardsnamn. Den beste nemninga i eit sånt høve ville vera bustadnamn.

I sp. 2 på s. 137 står namnet Geelmuyden, som blir kategorisert som slektsnamn frå byen Geelmuyden i Nederland. Truleg er dette eit bustadnamn, noko som forfattaren sjøl er inne på da han seier at etterleddet -muyden betyr elveos og at forleddet muleg kjemer av eit elvenamn Gene. Forfattaren burde derfor, etter mi meining, sagt at namnet er eit bustadnamn frå Nederland og at det kom til Bergen som slektsnamn. Statistikken frå dei andre vestlege landa på s. 495 kunne også ha vori tidgjevi.

I det store og heile er boka eit særs godt oppslagsverk for forskarar og ikkje minst for slektsgranskarar. Eg kan derfor bare oppmode slektsgranskarar om å skaffe seg boka.»

Referanser

  1. Olav Veka. (Wikipedia).
  2. Veka, Olav. Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn – utbreiing, tyding og opphav, Samlaget, Oslo, 2000.
  3. Veka, Olav. Norsk etternamnleksikon. Samlaget, Oslo, 2016.
  4. Utne, Ivar. Utviklinga av slektsnavn i Norge, med særlig vekt på sen-navn, Genealogen, nr. 2, 2001, s. 13–26.
  5. Myrheim, Frode. «Norsk etternamnleksikon», Genealogen, hefte 1, 2001, s. 75–78.

Eksterne lenker

Litteratur