Norsk slektshistorisk bibliografi
Tittel | Norsk slektshistorisk bibliografi | ||
Forfatter(e) | Solem, Jana | ||
Bidragsyter | Solem, Jan Frederik Anker | ||
Utgivelsessted | Oslo | ||
Årstall | 2002 | ||
Sideantall | 377 s. | ||
Språk | Norsk | ||
Noter | 4. utgave | ||
Bibliotekkatalog | Oria | ||
Jana Solem (1974–) og Jan Frederik Anker Solem (1962–) ga ut Norsk slektshistorisk bibliografi[1] i Oslo 2002.
Bibliografien omfatter bøker, stamtavler og tidsskriftartikler om slektshistorie, hovedsakelig utgitt etter 1963 og frem til bokens utgivelse. I anmeldelsen vises det til at bibliografien ikke er helt komplett, og til at innledningen burde ha inneholdt informasjon om hvilke tidsskrifter og årbøker som var blitt utvalgt. Bibliografien er likevel viktig og et solid produkt. Den har et omfattende register.
Omtaler og anmeldelser
Jo Rune Ugulen anmeldte Norsk slektshistorisk bibliografi i Genealogen 2002.[2]
«Etter at Morten Hansen i 1965 gav ut bibliografien Norske slektsbøker,[3] har det berre kome ei allment tilgjengeleg bok med ein bibliografi over norsk slektshistorie. Den kom i 1986, og var ei revidert utgåve av Jan Frederik Anker Solems hovudoppgåve ved Statens Bibliotekhøgskole frå 1985.[4] Ei revidert tredjeutgave var eit arbeidsutkast som berre vart distribuert til Riksarkivets bibliotek. Når no endeleg ekteparet Solem kjem med den fjerde utgava av Norsk slektshistorisk bibliografi, er det difor på høg tid. Eit så essensielt hjelpemiddel for norske slektsgranskarar har vore sakna fra mange hald, og det var med store forventningar eg tok til å gjennomgå boka.
Lat det vera sagt med ein gong. Dette er ikkje meint å vera ei fullverdig bokmelding av Norsk slektshistorisk bibliografi, men som kritikar vil eg først og fremst ta tak i nokre svake punkt ved boka. Og når det er ei hovudoppgåve for ein bibliografi å vera uttømmande på informasjonen, vil eg også sjå litt på denne sida av innhaldet. Aller først er det likevel viktig å få sagt at eg tykkjer det er eit imponerande og godt arbeid som er lagt ned her, og som publikasjon er det ei bok som bør få ein plass i bokhylla til mange slektsgranskarar.
Boka er inndelt i to hovudbolkar. Den første delen inneheld bøker og stamtavler, medan den andre bolken inneheld tidsskriftartiklar. Så følgjer ein omfattande registerdel, med register over forfattarar, titlar, slekter, gardar og stader. I føreordet skriv Solem at bibliografien i hovudsak femner om bøker og artiklar utgjeve etter 1963, altså verk som ikkje er dekka av Morten Hansens bok frå 1965. Noko overlapping er det likevel, og på sikt har Solem som mål å dekka alt Morten Hansens materiale tilbake i tid. Av den rike floraen av lokalhistoriske tidsskrift og årbøker har Solem berre gjennomgått eit lite knippe. Dette siste er også den største veikskapen ved bibliografien. Eg ser sjølvsagt at det er ei gigantisk oppgåve å gjennomgå all denne litteraturen, men på eitt eller anna vis må dette gjerast før eller seinare. Det er i og for seg ikkje problemet her.
Problemet slik eg ser det, er at det manglar eit oversyn over kva lokalhistoriske tidsskrift som er gjennomgått. Det som er gjennomgått, har preg av å vera gjort svært tilfeldig. Til dømes tidsskriftet Ætt og heim, som vert gjeve ut av Rogaland historie- og ættesogelag, er handsama på ein måte som gjer det vanskeleg å sjå kva som er med. Artiklar frå både 1963 og 1981 er med, men det er heilt tydeleg at det er mange årgangar som ikje er det. Difor saknar eg ikkje berre eit oversyn over kva tidsskrift som er gjennomgått, men også kva årgangar som er nytta. Av landsdekkande tidsskrift har Solem grundig gjennomgått Norsk slektshistorisk tidsskrift så vel som Genealogen. Men eg kan ikkje sjå at DIS-Norges medlemsblad Slekt og Data er representert med artiklar i bibliografien. Det har vore slektshistoriske artiklar i dette tidsskriftet også.
På boksida er det på mange måtar vanskelegare å orientera seg i våre dagar, enn for berre nokre år sidan. Den teknologiske utviklinga har gjort det mykje enklare for folk flest å gje ut slektsbøker i små opplag, og for ein rimeleg penge. Diverre er det nok ikkje alle som er like flinke til å levera eksemplar av denne typen bøker til Nasjonalbiblioteket, og dermed vert mange bøker heller ikkje registrerte i databasen BIBSYS. Dette fører igjen til at bøkene vert utilgjengelege for dei aller fleste av oss. Eg har likevel eit inntrykk av at Solem har fatt med seg svært mykje av den nyare utkomne slektslitteraturen i denne bibliografien. Alt har neppe kome med, men det er ei uoverkomeleg oppgåve i alle fall.
Sjølvsagt finnest det manglar her også. Til dømes Erik Bakkevigs storverk i to band om Sunnhordlandsslekter frå 1941–1943, kom i nytt revidert opplag i 1984. Dette er ei opplysing som Solem ikkje har med i bibliografien. Opplysinga om denne reviderte utgåva er viktig ettersom boka har med eit lite tillegg i innleiinga. Elles har sjølvsagt boka nokre trykkfeil, og mindre identifikasjonsfeil av forfattarar. Det første er knapt til å unngå, det siste er meir ein forfattarfeil, men av den høgst forklårlege typen.
Til dømes har formannen i NSF, Lars Løberg (fødd i 1960), vorte kreditert ein artikkel om «Austråtts eiere gjennom 1000 år, som stod på trykk i Norsk slektshistorisk tidsskrift i 1963. Forfattarens unge alder kunne nok ha vore med å forklara ein del manglande substans i denne artikkelen, men det er truleg Leif Løberg som skjuler seg bak forfattarnamnet L. Løberg i dette tilfellet.
Den største mangelen er likevel at føreordet er for kort, eller at det alternativt manglar ei innleiing som gjer greie for prinsippa som ligg til grunn for utvalet av litteratur. Og som tidlegare nemnt: Kva tidsskrift er gjennomgått? Kva årgangar av tidsskrifta? Kva kjelder er nytta i arbeidet med bibliografien? Og gjerne litt historikk om tidilegare bibliografiar på området. For å gjera det lettare for bokmeldarane burde det kan henda også ha vore med ein del om arbeidsprosessen bak utgava.
Trass i all denne tilsynelatande negative kritikken, meiner eg at Jana og Jan Frederik Anker Solem har levert eit solid produkt som absolutt fortener ros. Norsk slektshistorisk bibliografi er eit viktig og godt bidrag til norsk slektsgransking. Jo Rune Ugulen»
Referanser
- ↑ Solem, Jana og Jan Frederik Anker Solem. Norsk slektshistorisk bibliografi, Oslo, 2002.
- ↑ Ugulen, Jo Rune. «Ny utgåve av Norsk slektshistorisk bibliografi», Genealogen, hefte 1, 2002, s. 60–61.
- ↑ Hansen, Morten. Norske slektsbøker. En bibliografi. Aschehoug, Oslo, 1965.
- ↑ Solem, Jan Frederik Anker. NOSLEBIB. Norsk slektshistorisk bibliografi. Oslo, 1985.
Litteratur
- 2002). Norsk slektshistorisk bibliografi. Oslo – 377 s. (