Sigurd Olav Thorsen

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigurd Olav Thorsen (fødd 7. januar 1912, død 12. september 1945)[1] var staff sergeant i den amerikanske hæren under andre verdskrigen.[1]

Krigstjeneste

Thorsen vart innrullert i den amerikansk hæren ved Fort Jay i New York 28. september 1942 og forplikta seg for varigheita av krigen pluss 6 månadar.[2]

Han melde seg vidare til teneste i Bataljon 99 (474 Infantry regiment) ved Fort Snelling i Minnesota. 17. desember reiste dei vidare og kom til Camp Hale i Colorado 19. desember for å starta vintertrening.[3][4]

Bataljonen forlot Camp Hale 24. august 1943 og ankom Skottland i midten av september.[5] Etter opphald på ulike baser i Storbritannia borda bataljonen 17. juni 1944 S/S John Henry og vart sendt til Normandie. Dårleg ver gjorde at dei først vart sett i land 22. juni.[6]

Bataljonen vart nytta i kampane fram til freden og vart tildelt deltakermedaljen for fira kampanjar i Nord-Europa.[7]

Thorsen vart for innsatsen ved frontlinja 4. oktober 1944 tildelt Combat infantryman badge.[3]

Battaljon 99 var ein av dei allierte styrkane som vart sett inn i Noreg etter frigjeringa. Dei ankom Oslo 4. juni og var del av æresvakta ved kong Haakon sin retur til Noreg.[8]

Thorsen omkom i ei bilulykke ved Nesbyen 12. september 1945.[1]

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 Department of the Army, Individual Deceased Personnel File – Sigurd O. Thorsen – 32514130
  2. Sigurd O. Thorsen, aad.archives.gov, vitja 11. mars 2020.
  3. 3,0 3,1 Erik Brun i brev til Sigmund Mongstad Hope 21. oktober 2019
  4. Gerd Nyquist: Bataljon 99, H. Aschehoug & Co. Oslo (1981) s. 49–56.
  5. Gerd Nyquist: Bataljon 99, H. Aschehoug & Co. Oslo (1981) s. 79-80.
  6. Gerd Nyquist: Bataljon 99, H. Aschehoug & Co. Oslo (1981) s. 97–98.
  7. Gerd Nyquist: Bataljon 99, H. Aschehoug & Co. Oslo (1981) s. 214.
  8. Gerd Nyquist: Bataljon 99, H. Aschehoug & Co. Oslo (1981) s. 179–181.