Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930 (bok): Forskjell mellom sideversjoner

Fra Slektshistoriewiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
 
(4 mellomliggende versjoner av en annen bruker er ikke vist)
Linje 21: Linje 21:
[[Liv Marit Haakenstad]] (1965&ndash;) ga ut '''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930'''<ref>Haakenstad, Liv Marit. ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930''.  Orion, Oslo, 2008.</ref> i Oslo 2008.  
[[Liv Marit Haakenstad]] (1965&ndash;) ga ut '''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930'''<ref>Haakenstad, Liv Marit. ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930''.  Orion, Oslo, 2008.</ref> i Oslo 2008.  
    
    
Boken gir en god innføring om utvandringen til Amerika for nybegynnere. Den er både oversktlig og lettlest. Den omfatter likevel ikke alle sider av utvandringen. De geografiske oversiktene over hvor nordmenn slo seg ned i Amerika og hvor de kom fra i Norge er ifølge anmelderen ikke konkrete nok. Det gis mange nyttige eksempler på utskifting av norske for- og etternavn. I boken finnes gode illustrasjoner som er brukt med omhu. Den grundige kildeoversikten omfatter ikke dødsmeldingene til lensmennene. En viktig amerikansk kilde som ikke er nevnt er ''WW1 draft records''.
Boken gir en god innføring om utvandringen til Amerika for nybegynnere. Den er både oversktlig og lettlest. Den omfatter likevel ikke alle sider av utvandringen. De geografiske oversiktene over hvor nordmenn slo seg ned i Amerika og hvor de kom fra i Norge er ifølge anmelderen ikke konkrete nok. Det gis mange nyttige eksempler på utskifting av norske for- og etternavn. I boken finnes gode illustrasjoner som er brukt med omhu. Den grundige kildeoversikten omfatter ikke dødsmeldingene til lensmennene. Anmelderens påstand om at den viktige amerikanske kilden ''WW1 draft records'' ikke er nevnt, ble tilbakevist av forfatteren i en merknad til redaksjonen.


En ny utgave av boken<ref>Haakenstad, Liv Marit. ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825&ndash;1930.'' 2. utg. Vigmostad Bjørke, Bergen, 2013.</ref> ble utgitt i Bergen i 2013.
En ny utgave av boken<ref>Haakenstad, Liv Marit. ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825&ndash;1930.'' 2. utg. Vigmostad Bjørke, Bergen, 2013.</ref> ble utgitt i Bergen i 2013.


==Omtaler og anmeldelser==
==Omtaler og anmeldelser==
Lars Erik Øyane (1953&ndash;) anmeldte ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930'' i [[Genealogen]] 2009.<ref> Øyane, Lars Erik. «Ny lærebok i utvandringsforsking for nybyrjarar», ''[[Genealogen]]'', hefte 1, 2009, s. 50&ndash;53.</ref>   
Lars Erik Øyane (1953&ndash;2022) anmeldte ''Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930'' i [[Genealogen]] 2009.<ref> Øyane, Lars Erik. «Ny lærebok i utvandringsforsking for nybyrjarar», ''[[Genealogen]]'', hefte 1, 2009, s. 50&ndash;53.</ref>   


«Det er ei vaksi oppgåve ''Liv Marit Haakenstad'' her har gjeve seg i kast med. Det finst mange, til dels romantiserte, bøker om einskilde sider av utvandringi, men ei samla framstilling av emnet har vore eit sakn; kanskje særleg for nybyrjarar.
«Det er ei vaksi oppgåve ''Liv Marit Haakenstad'' her har gjeve seg i kast med. Det finst mange, til dels romantiserte, bøker om einskilde sider av utvandringi, men ei samla framstilling av emnet har vore eit sakn; kanskje særleg for nybyrjarar.
Linje 64: Linje 64:
[[Kategori:Håndbøker|  ]]
[[Kategori:Håndbøker|  ]]
[[Kategori:Emigrasjonslitteratur|  ]]
[[Kategori:Emigrasjonslitteratur|  ]]
[[Kategori:Bokomtaler i Genealogen|Utvandringen]]

Siste sideversjon per 11. jul. 2022 kl. 06:15

TittelSlektsgranskerens guide til
utvandringen 1825–1930
Forfatter(e)Haakenstad, Liv Marit
UtgiverOrion
UtgivelsesstedOslo
Årstall2008
Sideantall352 s.
SpråkNorsk
BibliotekkatalogOria

Liv Marit Haakenstad (1965–) ga ut Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930[1] i Oslo 2008.

Boken gir en god innføring om utvandringen til Amerika for nybegynnere. Den er både oversktlig og lettlest. Den omfatter likevel ikke alle sider av utvandringen. De geografiske oversiktene over hvor nordmenn slo seg ned i Amerika og hvor de kom fra i Norge er ifølge anmelderen ikke konkrete nok. Det gis mange nyttige eksempler på utskifting av norske for- og etternavn. I boken finnes gode illustrasjoner som er brukt med omhu. Den grundige kildeoversikten omfatter ikke dødsmeldingene til lensmennene. Anmelderens påstand om at den viktige amerikanske kilden WW1 draft records ikke er nevnt, ble tilbakevist av forfatteren i en merknad til redaksjonen.

En ny utgave av boken[2] ble utgitt i Bergen i 2013.

Omtaler og anmeldelser

Lars Erik Øyane (1953–2022) anmeldte Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930 i Genealogen 2009.[3]

«Det er ei vaksi oppgåve Liv Marit Haakenstad her har gjeve seg i kast med. Det finst mange, til dels romantiserte, bøker om einskilde sider av utvandringi, men ei samla framstilling av emnet har vore eit sakn; kanskje særleg for nybyrjarar.

Forfattaren har delt boki i to bolkar. Først gjev ho oss ein oversikt over den ålmenne utvandringssoga frå Noreg, emigrantliner, formalitetar undervegs, reisevegar både på denne sida og hi sida av Atlanterhavet, og ho har teke med ei lang rad anekdotar om utvandrarar, og ho skriv om ulike norske settlement i Amerika. I den andre bolken gjev forfattaren ein detaljert omtale av dei ulike kjeldene som kan gje oss opplysningar om utvandrarane. Her er det opprekna talrike kjelder ikkje berre i Noreg, men òg i England og i Amerika.

Titelen på boki gjev oss ei forventning om å finna stoff som omfattar heile perioden frå 1825 til 1930, men ein oppdagar fort, frå side 140 og utover, at oversikten over settlementi stort sett avgrensar seg til dei eldste norske bustadområdi og då igjen dei som låg i dei mest sentrale statane i midtvesten. Dei tidlege settlementi i Nebraska, Kansas, Michigan, Montana, Idaho, Washington, Oregon og California finn me lite eller ikkje noko om. Kartet på side 133 syner til dømes innflytting til North og South Dakota frå aust i 1858, medan det alt i midten av 1850-åri var mange norske settlarar i Nebraska. Der vert det fortalt at dei sto ved Missouri-elvi og venta på at dei sørlege delane av Dakota territory skulle opnast for homesteading 1.1.1860.

Språklege val og ymse avgrensingar

Elles ser eg at Liv Marit Haakenstad på side 141 har omsett dei amerikanske ordi counties (parishes/boroughs) og townships (som i fleire statar vert kalla precincts) med høvesvis fylke og kommune. Kanskje høver denne «tradisjonelle» omsetjingi godt når me samanliknar med Storbritannia der counties har ei heilt anna meining, men i amerikanske tilhøve er omsetjingi heller omstridd. Eit typisk township har ein storleik på 36 square miles, og townships har ikkje noko politisk styre! Det har derimot counties som typisk omfattar mellom 20 og 30 townships og som soleis har ein storleik på mellom 750 og 1000 square miles og som dessutan har eit politisk styre med eige skule-, helse-, sosial- og vegstell som svarar til våre kommunar. Til samanlikning har Luster kommune i Sogn og Fjordane ein storleik på 1043 square miles.

Eg slår elles fast at forfattaren nyttar ei heller «vid» tolking av settlementi, noko som gjer det vanskeleg å seia heilt konkret kvar settlarane i dei ulike settlementi kom ifrå i Noreg. Til dømes nemner ho Winneshiek settlementet som strekkjer seg over fem counties i Iowa, medan Paint Creek og Waukon settlementi i Allamakee Co., IA er neste settlement. Eg trur dei aller fleste sogningane i Jerico settlementet i Chickasaw Co., IA ville verta oppskaka over å vera oppfatta som ein del av Winneshiek! Liknande «underlege» inndelingar finn eg òg i dei andre statane. Mellom settlementi i Wisconsin finn eg soleis «Coon Prairie, Coon Valley, Kickapoo, West Prairie, Utica» og at dette settlementet ligg i Vernon (sør) og Crawford (nord) (Cos.). Like nedanfor finn eg «Crawford og Vernon»- settlementet, som ligg i Crawford og Vernon (Cos.). Dette vitner diverre om dårleg kjennskap til den norske busetnaden i Crawford og Vernon Cos. Det siste settlementet er omfatta av det første, medan dei fem stadene (kyrkjelydene) som er nemnde i det første av desse settlementi, er spreidde frå den sørlege delen av La Crosse Co. til nord i Crawford Co., og dei fleste vil nok lokalt oppfatta dei som fem eigne settlement, som rett nok grensar til kvarandre, men kvifor er ikkje då Freeman og Bad Ax nemnde? Dei ligg i same område! Castle Rock settlementet i Wisconsin ligg forresten ikkje i Crawford Co., men i Grant Co. Og eg saknar fleire andre viktige settlement i Wisconsin, som til dømes Greenwood settlementet som ligg i grenseområdet mellom Vernon, Richland og Sauk Cos., og fleire settlement i den nordlege og austlege delen av Buffalo Co. I samanhang med omtalen av settlementi saknar eg elles ein analyse av busetnaden, dvs. kvar i Noreg dei ulike settlarane hadde opphavi sine ifrå. Då hadde lesarane i Noreg fått ein viss peiling på kvar i Amerika dei kunne starta leitingi etter utvandrarar frå ei konkret bygd.

Men til unnskuldning for Liv Marit Haakenstad må eg skunda meg å seia at dette er eit svært vanskeleg og uoversiktleg tema som etter rett hadde hatt behov for ei eller kanskje fleire bøker åleine. Og det same kan ein godt seia om «namneomsetjingi» som forfattaren kort skriv om på side 180 og 181. Det er ofte vanskeleg å gissa på kva namn, og det gjeld både førenamn og ættenamn, ein utvandrar «tok» etter han var komen til Amerika. Her har forfattaren teke med mange gode døme, men eg tykkjer kanskje at namnevalet er noko snevert med omsyn til opphav i Noreg. Me finn mange typiske namn frå indre Austlandet, medan namn frå Telemark og andre landsdelar saknast, til dømes typiske namn frå Sogn som Sølfest (Sam/Sylvester), Aamund (Ed), Augund (Ed/August/Gust), Guttorm (Thomas), Elisabeth (Elsie/Alice/Betty), Gunnhild (Julia/Nellie/Hilda), Synneva (Susan/Sena), Søvrina (Sadie/Rena) og Ragnhild (Lena/Nellie/Rachel/Rhoda – alt etter kvar i Amerika dei busette seg).

Kanskje burde ho ogso teke med ei «omvendt» namneliste, ei liste over kva norske namn som kan vera opphav til namn ein finn i amerikanske kjelder. Thom(as) i Amerika kan til dømes vera nesten kva som helst i Noreg som byrjar på T (Torkild, Tollef, Trond, Torbjørn, Tøger, Tormod), medan førenamnet Belle ofte vil vera Ingeborg dersom ho utvandra frå Sogn (lokalt vart Ingeborg der i eldre tid «omgjørt» til «Bølla»!). Og i Worth Co., IA dukka det i 1860-åri opp ein telemarking med namnet Ed Billison – ikkje godt å forstå at han i Noreg heitter Askjell Bjørgulfson.

Korleis gjer ein seg best nytte av denne boki?

Den første bolken av boki er svært oversiktleg og lettlesen; bilete og andre illustrasjonar er nytta med omhu, noko som klart hever kvaliteten på boki og gjer ho lettare å lesa. Dette gjeld ogso hin hovudbolken som omtaler kjeldene på båe sider av Atlanterhavet. Her finn ein grundige oversikter over relevante kjelder i ulike norske arkiv, og forfattaren er særleg oppteken av bruken av amerikabrev som inngangsdør til utvandrarsoga. Dette tykkjer eg er bra, sjølv om kanskje nokre av dei attgjevne brevi vert i lengste laget. Elles er det ikkje mogeleg å presisera tydeleg nok kva rolle dødsmeldingane til lensmannen (som forfattaren ikkje har nemnt) samt skiftedokumenti speler når det gjeld å finna att utvandrarane i Amerika, og desse kjeldene kan med stor fordel nyttast til langt ut på 1900-talet.

Medan ein på 1980-talet og ogso tidlegare var heilt avhengig av nitidig leiting og gjennomlesing av eit mangfald av kjelder, både i Noreg og i Amerika, er dataalderen komen som ei stor velsigning av all ættegransking og kanskje særleg når det gjeld utvandringsforskning. Forfattaren peiker då ogso på kor viktig internett er vorte i denne samanhangen. I dag er det fullt mogeleg å produsera ei god utvandrarsoge utan å setja fot på det amerikanske kontinentet, ikkje minst etter at ancestry.com og andre meir eller mindre kommersielle internettenester er komne i drift, men mykje står sjølvsagt att, ikkje minst når det gjeld tilgang til skiftemateriale (probate files) i Amerika. For, det å spora opp sjølve emigranten i Amerika er berre ein mindre del av arbeidet. Den sekundære vandringi innanfor Amerika, mot vest, er den som i svært mange tilfelle utgjer den største utfordringi. Dette poenget tykkjer eg kjem lite fram i boki til Liv Marit Haakenstad.

Elles er det fleire amerikanske kjelder som godt kunne ha vore nemnde, som til dømes WW1 draft records. Desse vart tekne opp i 1917 og 1918 då alle vaksne menn under 45 år laut registrera seg i tilfelle mobilisering. Desse registerkorti er søkbare både på namn og fødselsdato og har for meg synt seg vera ei svært verdifull kjelde til å finna att «single» mannspersonar, anten dei var fødde i Noreg eller i Amerika. Liknande registerkort finst i Canada. Forfattaren har skrive fleire sider om militære kjelder i Amerika frå side 236 og utover, men desse korti kan eg ikkje sjå at ho har nemnt. Ei anna svært viktig kjelde for attfinning av slekt i Amerika er nekrologane (obituaries) som finst svært mange stader i Amerika alt frå slutten av 1800-talet. Forfattaren nemner ‘the Rowberg files’ under omtalen av NAHA, men denne kjelda burde ha vore nemnd ogso i oversikten over dei amerikanske kjeldene. The Rowberg files inneheld svært mange norsk-amerikanske nekrologar, men der finn me nok ein overvekt av «viktige personar» som hadde leiande funksjonar i amerikansk næringsliv eller kristenliv. Nekrologane etter «mannen i gata» lyt ein som regel søka etter i lokale aviser, som vanlegvis finst på film i dei ulike State Historical Societies.

Skal eg trekka ein konklusjon på innhaldet av boki til Liv Marit Haakenstad, so meiner eg at boki i første rekke har nytte for nybyrjarar innan utvandringsforskning, for med dei unntaki som eg har oppdaga og nemnt over, so finn lesarane det aller meste dei treng å vita for å gå i gong. Og dei vert ikkje arbeidslause med det første! Sjølv har eg halde på med utvandringsforskning i over 35 år, og medan hovudinteressa mi har vore dei over 6000 utvandrarane frå noverande Luster kommune, ektemakane deira og dei fleire 10000-er førstegenerasjons amerikanarar som var borni deira, ogso der inklusive ektemakar, ligg attfinningsprosenten framleis ein stad på 90-talet, og nye personar dukker opp eller vert oppdaga kvar veke. Lars Erik Øyane»

Referanser

  1. Haakenstad, Liv Marit. Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930. Orion, Oslo, 2008.
  2. Haakenstad, Liv Marit. Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930. 2. utg. Vigmostad Bjørke, Bergen, 2013.
  3. Øyane, Lars Erik. «Ny lærebok i utvandringsforsking for nybyrjarar», Genealogen, hefte 1, 2009, s. 50–53.

Litteratur

  • Haakenstad, Liv Marit (2008). Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825–1930. Orion, Oslo –  352 s.

Se også