Henrik O. Mongstad: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 1: | Linje 1: | ||
[[Bilde:HOM100.JPG|thumb|200px|Henrik O. Mongstad. {{byline|Vigdis Hjertaker Hope}}]] | [[Bilde:HOM100.JPG|thumb|200px|Henrik O. Mongstad. {{byline|Vigdis Hjertaker Hope}}]] | ||
'''Henrik O. Mongstad''' (fødd 4. januar 1920 på Mongstad, død 14. februar 2020 på Stord) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.<ref name="attest">Attest frå Forsvarets overkommando 2. kontor, signert av Andreas Lerheim 19. september 1945</ref> | '''Henrik O. Mongstad''' (fødd [[4. januar]] [[1920]] på Mongstad, død [[14. februar]] [[2020]] på Stord) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.<ref name="attest">Attest frå Forsvarets overkommando 2. kontor, signert av Andreas Lerheim 19. september 1945</ref> | ||
== Krigsteneste == | == Krigsteneste == |
Siste sideversjon per 23. nov. 2023 kl. 10:44
Henrik O. Mongstad (fødd 4. januar 1920 på Mongstad, død 14. februar 2020 på Stord) var ein norsk etteretningsagent under andre verdskrig.[1]
Krigsteneste
Ved krigsutbrottet arbeida Mongstad på Austlandet. Han kom våren 1941 med i ei motstandsgruppe på Sørum. Gruppa mangla utstyr, så ein skulle hamstra haldbar mat og gjera seg klar for å motta opplæring. Mongstad nytta eldste broren si flukt til Storbritannia som påskudd for å returnera heim til Mongstad jula 1941.[2]
Våren 1942 fekk Mongstad rolle som kontaktmann med tanke på alliert invasjon og gjekk i gang med å kartleggje området.[3]
Sommaren 1944 fekk Mongstad kontakt med Secret Intelligence Service (SIS) sin radiostasjon Risor og var med og etablera stasjonen på Selsøy i Austrheim. Resten av krigen var han knytt til stasjonen og dei to etterfølgjande stasjonane Pommac og Sissel.[4]
Som ein del av tenesta var Mongstad involvert i evakuering av flyktningar. Både BAR-organisasjonen (Bergen Anlegg Reportasje) og SIS kontaktar frå Rogaland vart evakuert via stasjonane.[5]
Fredstid
Etter krigen var Mongstad vaktmester og handverkslærer.
Han gjorde i ei årrekkje teneste som offiser i Heimevernet og var mellom anna pionersjef.[6][7]
Utmerkingar
For krigsdeltakinga vart Mongstad tildelt Deltagermedaljen.[8]
For innsats for forsvarssaka og krigshistoria i Nordhordland vart Mongstad i 2019 tildelt Forsvarsmedaljen.[9]
For i krig og fred å ha lagt ned et stort arbeid for forsvaret av Norge. | ||
– Utdrag frå diplomet til Forsvarsmedaljen.[9] |
For krigsinnsatsen heidra Russland i 2016 Mongstad med Usjakovmedaljen.[10][11]
For personleg mot og tapperheit under Den store fedrelandskrigen. | ||
– Utdrag frå presidentdekret for tildeling av Usjakovmedaljen.[11] |
Russland har og heidra Mongstad med Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[12], Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[13] og Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945[14].
Mongstad vart i 2015 tildelt Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdskrig.[15]
Bibliografi
- Krigsminne, Historia Scripta (2013) ISBN 978-82-999385-0-1
- Mongstad - bygda som var, Historia Scripta (2016) ISBN 978-82-999385-1-8 (medforfatter)
Referanser
- ↑ Attest frå Forsvarets overkommando 2. kontor, signert av Andreas Lerheim 19. september 1945
- ↑ Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 5-12.
- ↑ Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 17-18.
- ↑ Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 23-56.
- ↑ Henrik O. Mongstad: Krigsminne, Stord: Historia Scripta 2013, s. 23-29 og 38-49.
- ↑ RA, Rulleblad for Henrik O. Mongstad.
- ↑ Brev til fenrik Henrik O. Mongstad frå HV-09 Regimentssjef Hagtvedt datert 16. oktober 1950.
- ↑ Brev til Hordaland infanteriregiment nr. 9 frå Forsvarets overkommando - Hærstaben datert 2. mai 1988.
- ↑ 9,0 9,1 Diplom for Forsvarsmedaljen signert av Forssvarssjef Haakon Bruun-Hanssen 8. mai 2019.
- ↑ Diplom for Usjakovmedaljen signert av Vladimir Putin 29. januar 2016.
- ↑ 11,0 11,1 Presidentdekret av 29. januar 2016 (nr. 29).
- ↑ Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- ↑ Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- ↑ Diplom for tildeling av Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- ↑ Brev frå ordførar Liv Kari Eskeland til Henrik O. Mongstad datert 30. april 2015.
- Biografier
- Norske offiserer
- Norske forfattere
- Deltagermedaljen
- Forsvarsmedaljen
- Usjakovmedaljen
- Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- Jubileumsmedaljen i anledning av 70-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945
- Regjeringa sin minnemedalje for innsats under andre verdenskrig