Kongar i dei norske ættetavlene

av Jo Rune Ugulen, Os/Bergen, 1999/2000 © Norsk Slektshistorisk Forening. Tidlegare trykt i Genealogen, nr. 1/99, s. 20-23. Her med utvida litteraturliste.


Då Håkon 5. Magnusson døydde den 8. mai 1319 var det ute med Sverre-ætta i rein mannsline og dersom ein skal fylgja Snorri Sturlusson, så og med Hårfagre-ætta som då hadde rådd for Noreg i over 400 år. No er det mykje som talar for at Sverre prest, som han vart kalla av motstandarane sine – og motstandarar hadde han nok av gjennom heile si lange styringstid frå 1177 til 1202, ikkje kan ha vore nokon son av Sigurd Munn. Og såleis kan ein nok rekna med at Hårfagre-ætta døydde ut i mannslina med den breiskuldra Håkon Herdebrei sitt fall i slaget ved Sekken i Romsdalsfjorden i 1162 eller kan henda med Øystein Ungjente på Re i 1177 eller Jon Kuvlung i 1188.

I norsk ættegransking har det for mange vore eit viktig mål å føra ætta si attende til dei gamle norske kongane, og det har vore gjort mange snåle krumspring for å få det til. Eg vil ikkje ta opp den sida av saka her – men det er på sin plass å minna alle ihuga ættegranskarar rundt om i vårt langstrakte og vasstrukne land at ein opplysning ikkje naudsynleg er sann sjølv om han står på trykk.

Det eg derimot ynskjer med denne vesle snutten er å sjå litt på den genealogiske sida av den norske kongeætta etter Harald Lurvehovud (eller Hårfagre som han sidan har vorte kjend som). Tradisjonen fortel oss at Luva samla Noreg til eitt rike kring 872 etter å ha slege Tjukken og Kjakan i slaget ved Hafrsfjord.

Nokre kritiske røyster har reist seg dei siste åra – at ein gjerne bør sjå litt nytt på denne inngrodde tradisjonen om at dei norske kongane var odelservingar etter Harald, og nokre har gått såpass langt at ein har dissekert heile kongsætta i fleire forskjellige ætter som eg her skal gå inn på [1].

Harald Hårfagres ætt skal då femna om Harald sjølv og sønene hans, Eirik Blodøks og Håkon den gode, samt Eirikssønene med Harald Ulvepels (eller Gråfell) i føringa. Denne ætta har etter alt å døma ikkje hatt noko med Vestfold å gjera i det heile. Etter det dei samtidige kjeldene (skaldekvada) fortel oss ser det ut til at desse kongane sat med makta på Sørvestlandet, med hovudbase i det som i dag er Rogaland og Hordaland.

Etter at Harald Ulvepels vart lurt i fella i Limfjorden ein gong i 970-åra tok Håkon Sigurdsson Ladejarl over styringa av Noreg, fyrst i ’len’ av danekongen Harald Blåtand, sidan som opprørsk nasjonalist (i fylgje den gjengse oppfatninga i 1850-åra). Ladejarlane utgjorde naturleg nok ei eiga ætt, uavhengig av Hårfagre-ætta. Eit lite apropos er at den siste attlevande av desse brørne, Ragnfred Eiriksson, er sagt å ha rømt landet ein gong i 970-åra og vi høyrer ikkje meir til han i norrøne kjelder.

Kring 995 dukkar Olav Tryggvasson opp i Noreg og tek makta. Olav Kråkebein (han vert kalla så hjå Adam av Bremen) datt i sjøen då han slost med overmakta ved Svolder og dukka aldri opp igjen. Adam har dessutan gjort Olav til soneson av Håkon Ladejarl – nokså revolusjonerande med tanke på at dette er ei av dei eldste kjeldene vi har ettersom ho er skrive kring 1070 (utan at det naudsynleg er sant av den grunn). Etter dei islandske annalane stod dette slaget kring år 1000. Til denne ætta kan ein nok rekna Tryggve Olavsson som fall under eit erobringsforsøk i 1033.

Etter eit intervall med sønene til Håkon Ladejarl dukkar Olav Haraldsson opp kring 1015. Etter å ha herja rundt i England og andre stader i fleire år, vart stribukken Olav Digre konge i Noreg. Tilnamnet hans kjem av det norrøne adjektivet dígr som mellom anna tyder tjukk, men i dette høvet er nok tydinga overmodig/storlåten/hovmodig rettare – altså Olav den overmodige. Han gjorde seg til slutt så lite populær at han nærast vart kjeppjaga frå landet i 1028, og han vart drepen på Stiklestad då han kom attende i 1030 med ein meir eller mindre svensk hær. At han sidan vart rekna for heilag er ei anna sak (har har forøvrig aldri vorte kanonisert av paven – det vart ikkje naudsynt før utpå 1100-talet). Medan dei to Olavane styrte, i alle høve etter at Olav Tryggvasson døydde og fram til 1027/28, ser det ut til at Erling Skjalgsson på Sola sat med kontrollen over det tidlegare kjerneområdet til Hårfagre-ætta på Sørvestlandet. Soga fortel oss at han var gift med ei søster av Olav Tryggvasson.

Eit nytt intervall med den danske kongeætta varte frå 1028 til 1035, då stormennene henta heim sonen til Olav, Magnus Olavsson, frå Gardarike. Han overtok i tillegg Danmark i 1042, men døydde alt i 1047. Då var det ute med ætta til Olav den heilage. Det einaste ektefødde barnet til Olav Digre var dottera Ulvhild. Ho vart gift med hertug Ordulf av Sachsen og har tallause etterkomarar i Tyskland.

Den neste kongen må få hovudæra for at Noreg hadde ei kongeætt i noko over hundre år. Det var den norske leigesoldaten Harald Sigurdsson. Han var bror til Olav Digre på morssida, og tvinga nærast brorsonen til å dela makta med seg i 1046. Tjue år og mange krigar seinare vart Harald Hardråde slegen i hjel av engelskmennene ved Stamford Bridge. Nokre generasjonar seinare kom det irsk blod inn i kongeætta – då kom iren Gilchrist rekande på ei fjøl over Nordsjøen, og vart etter at Sigurd Jorsalfar døydde i 1130, teken til konge med namnet Harald (Gille). At han var ein son av Magnus Berrføtt er ikkje å sjå bort i frå – Magnus sjølv herja i Irland i mange år og var nærast som bufast å rekna frå 1098. Har vart drepen i eit myrkjerr i Ulster i 1103 – det er noko underleg allegorisk over det òg, all den tid han var godven med irekongen Myrkjartan. Det var dessutan Magnus som etter Snorri skal ha ytra dei famøse orda: ’Kongar skal ein ha til ære, ikkje til eit langt liv.’ Nokså høvande for ein mann som òg vart kalla Krigs-Magnus.

Betre gjekk det ikkje med Harald Gille. Han vart drepen i senga i 1136 av den ’slemme diakonen’ Sigurd. Dersom vi ser utetter i 1100-åra var det eit virvar av kongar og motkongar som alle døydde brått, men ikkje uventa. Ein av av desse var altså Øystein Ungjente (eller Møyla) i 1177. Han var visstnok ein son av Øystein Haraldsson, ein annan landflyktig ire eller sudrøying som var konge i Noreg frå 1142 til 1157. Ein som visstnok skal ha vore ein son av Inge Krokrygg var Jon (Ingesson) Kuvlung. Han styrte Viken frå 1185 til han vart felt av birkebeinane i Bergen 1188. Dermed var det ute med ætta til Harald Hardråde.

Magnus Erlingsson som vart teken til konge i 1161 var dotterson av Sigurd Jorsalfar. På farssida tilhøyrte han ei vestlandsk lendmannsætt som ein gjerne kan kalla Gjerde-ætta (eller noko anna). Han vart felt i slaget ved Fimreite i 1184, og dermed var det ute med han. Men ikkje med ætta hans skal vi tru soga. Eit sant virvar av arvingar etter Magnus dukka opp med ujamne mellomrom dei neste 40 åra. Den siste var Sigurd Ribbung, visstnok ein soneson av Magnus som vart felt i 1226.

Så kom då Sverre prest frå Færøyane og vart teken til konge i 1177. Ætta hans døydde ut med Håkon Magnusson som eg har nemnt tidlegare. Enkelte har stilt spørsmål ved Håkon Håkonsson, men eg ser ikkje nokon grunn til at han ikkje har vore ein son av Håkon Sverresson all den tid han vart fostra ved hoffet til kong Inge. Det tyder på at det ikkje har vore noko tvil om farsætta hans.

Dette skal då gje oss følgjande kongsætter i Noreg: Harald Hårfagres ætt, Olav Tryggvassons ætt, Olav Digres ætt, Harald Hardrådes ætt, Magnus Erlingssons ætt og Sverre-ætta. Det vert seks kongeætter; åtte dersom ein tek med baglarkongen Filippus Simonsson (1207-1217) og brørne Inge (1204-1217) og Skule Bårdssøner (1239-1240).

Åtte kongsætter fram til 1319! Det er verkeleg ei radikal endring i kongerekka som vi (i alle fall eg) hugsar frå barneskulen. Då er ikkje ein gong Ladejarlane og den danske kongsætta tekne med. Går ein vidare framover i tid har vi Folkungeætta frå 1319 til 1387, Svend Estridssøns ætt var representert ved dronning Margrete, dei tyske fyrstehusa Pommern (Erik av Pommern) og Wittelsbach (Kristoffer av Bayern) samt ei svensk adelsætt (Karl Knutsson Bonde) til vi endeleg fekk Oldenburgarane på den norske trona i 1450.

Men er det naudsynt å gå til slike skritt? Det er delte meiningar om det, men eg vil svara ja. Det finst mange gode argument for det og det er nok rett å gjera. Ser ein det derimot frå ein ættegranskar sin ståstad må eg nok seia at tradisjonen frå Snorri kan halda fram. Dersom ein ihuga ættegranskar har klart å prova ei ættetilknytning attende til til dømes Håkon 5. Magnusson skal ikkje vi øydeleggja gleda med å hevda at Sverre var ein simpel kammakarson frå Færøyane. Det lyt vera fritt fram å føra ætta si attende til Odin og Njord, og med litt hjelp i Edda kan ein finna attende til det semittiske ur-ekteparet Adam og Eva.


MEN EIN MÅ VERA KLAR OVER AT DET IKKJE FINST PROV FOR DET, OG AT DET NOK HELLER IKKJE ER SANT………

Ikkje skryt til naboen at du stammar frå Harald Hårfagre, det er ikkje noko å skryta av. Truleg gjer vi det alle saman, men det er ikkje ein kjeft som kan prova det. Når det er sagt skal ein og vera klar over at Ynglingeætta slik den står i kongesogene ikkje er den einaste varianten av anerekkja til Harald. Det finst mange, mange fleire – sjå t.d. berre i Edda eller i ættetala i Flateyjarbok.

Ei populær anerekkje går attende til den mytiske Halvdan Gamle som gjennom dei ni yngste sønene sine er stamfar for mange gjeve ætter – inkludert ynglingar, skjoldungar og nivlungar. Truleg skimtar vi her ein tradisjon om hunarkongen Huldin som herja langs austgrensa av Romarriket på byrjinga av 400-talet. Attila, som nær hadde erobra heile Europa, var truleg ein etterkomar av Huldin. Han kjenner vi att som Atli i fleire Edda-kvede og som Aðils/Eadgils i mellom anna Ynglingasaga og Beowulf. Bror hans, Bleda, kjenner vi att i Eddadiktinga som Budle – stamfar til budlungane. Av andre heroar frå folkevandringstida er ostrogotarkongen Ermanarik som vart drepen i 375 – det er han vi møter som Jormunrek i Edda (ikkje bland han saman med Jormungand som er eit anna namn på Midgardsormen). Gjukungane var òg etterkomarar av Halvdan Gamle skal vi tru Edda. Dei historiske personane som ligg til grunn for den ætta møter vi som burgundarkongar på slutten av 400-talet og byrjinga av 500-talet. Som ein kan sjå er det mange moglege anerekkjer, og dei har alle det til felles at dei er like uhistoriske alle saman.

At Snorri reknar t.d. Harald Hardråde som ein etterkomar av Harald Hårfagre er i seg sjølv ikkje eit godt nok prov på at han verkeleg var det. Det at han vart konge kan like gjerne koma av (og har nok gjort det) at han var bror til Olav Haraldsson og har teke arv på den måten. Det same kan seiast om Olav Haraldsson sjølv for den del – prov for at han var ein ættling av Luva finst ikkje andre stader enn i sogene, og dei vart skrivne langt seinare. Som eg har nemnt tidlegare finst det heller ingen grunnar for å tru at Sverre var nokon son av Sigurd Munn. Men i ættetavlene til Ola og Kari Nordmann er det ikkje nokon særleg grunn til å ta akkurat det så tungt – men ein kan gjerne gjera folk merksame på at ein del av desse opplysningane ikkje er å lita på.

La oss òg sjå på morsætta til Harald Hårfagre. Etter Snorri heitte ho Ragnhild og var dotter av Sigurd Hjort. Sigurd skal igjen ha vore ein dotterson av Sigurd Orm-i-auga som igjen var son av Ragnar Lodbrok. Det gjer oss 4 generasjonar mellom Ragnar Lodbrok og Harald Hårfagre. Den historiske (om han då i det heile har eksistert) Ragnar Lodbrok var ein dansk vikingkonge som herja England på midten av 800-talet. Fleire av sønene hans var i live då Harald etter tradisjonen sigra i slaget ved Hafrsfjord i 872. Berre det gjer at denne tradisjonen vert noko søkt.

Vidare fortel Snorri at Halvdan Svarte først vart gift med Ragnhild, dotter til Harald Gullskjegg som var konge i Sogn. Han fekk ein son som vart kalla Harald etter morfaren. Denne Harald tok så over styringa av Sogn. Så døydde Ragnhild, og dinest Harald slik at Halvdan Svarte overtok Sogn som arv etter sonen. Så fortel Snorri oss at Halvdan vart gift med dottera til Sigurd Hjort og får med henne sonen Harald Hårfagre (han var ikkje så hårfager som nyfødd, men eg nyttar tilnavnet for å gjera klart kven eg meiner). Denne episoden viser oss at det er fleire tradisjonar som her har vorte smelta saman, og truleg er tradisjonen om Sogn den mest opphavelege av dei variantane vi kjenner i dag. Snorri (eller nokon før han) har truleg redigert dette for å gjera morsætta til Harald like gjev som farsætta. Ragnar Lodbrok skal nemleg ha vore av skjoldungeætta – ei anna oppskrytt kongsætt.

Det var litt om kongsætta. Den er i og for seg heller ikkje noko problem – det som derimot er eit problem er å kobla seg på den (dersom det er det ein er ute etter). Det å orientera seg i tidsskriftjungelen og skogen av bygdebøker er ikkje lett, og det er mykje vanskelegare å finna dei gode artiklane enn å finna dei dårlege. Å setja opp ei liste over gode artiklar er ikkje noko enkel oppgåve, og det vil eg heller ikkje prøva på her. Eg vil berre oppmoda den einskilde å bruka sunn fornuft, og dersom ein ikkje har noko særleg røynsle med mellomalderætter – spør nokon som har greie på det. Sjølv for ein kyndig person er mellomaldergenealogi noko av det vanskelegaste ein kan arbeida med.

Og for all del – ikkje publiser noko som ikkje er sant. Det er opp til forfattaren å sjekka kjeldene – ikkje lesaren. At den næraste familien meiner det er stas å vera av adels- eller kongsætt er ikkje nokon grunn til å laga falske konstruksjonar, og ein falsk konstruksjon er framleis forfattaren sitt ansvar sjølv om han eller ho har funne den i ei anna bok som har den frå ei anna bok som har det frå nevøen til niesa til oldefar til mor som døydde i 1867.


Utanom dei vanlege kjeldeskriftene som kongesoger og dei forskjellige kjeldeutgåvene av handskriftene som er nemnt i denne artikkelen, har eg nytta følgjande litteratur:

  • Aschehougs Norges Historie. 12 bind. Ved Knut Helle, Knut Kjelstadli, Even Lange og Sølvi Sogner (red.). H. Aschehoug & Co (W. Nygaard): Oslo, 1994-1998.
  • Den yngre Edda (Snorre-Edda)  av Snorri Sturlusson. Norrøne Bokverk. Omsett av Erik Eggen. Innleiing av Hallvard Magerøy. Det Norske Samlaget: Oslo, 1961 (5. utgåve 1998). [Ikkje fullstendig utgåve.]
  • Det Arnamagnæanske Haandskrift 81a Fol. (Skálholtsbók yngsta) indeholdende Sverris saga, Böglunga sögur, Hákonar saga Hákonarsonar. Utgitt av Albert Kjær og Ludvig Holm-Olsen. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1910-1984.
  • Det Arnamagnæanske Haandskrift 310 qvarto. (Odd Munks saga om Olav Tryggvason). Utgitt av P. Groth. Det Norske Historiske Kildeskriftfond: Christiania, 1895.
  • Edda. Snorra Sturlusonar. Nafnaþulur og skáldatal. Guðni Jónsson bjó til prentunar. Íslendingasagnaútgáfan. Prentverk Odds Björnssonar h.f.: Akureyri, 1954.
  • Eirspennill – AM 47 fol. – Nóregs konunga sögur. Magnús gódi – Hákon gamli. Utgitt av Finnur Jónsson. Det Norske Historiske Kildeskriftfond: Kristiania, 1913-1916.
  • Flateyjarbók. I-III. Utgitt av G[uðbrandur] Vigfusson og C[arl] R[ichard] Unger. Det Norske Historiske Kildeskriftfond: Christiania, 1859-1868.
  • Hákonar saga Hákonarsonar. Norrøne tekster nr. 2. Utgitt av Marina Mundt. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1977. (Rettelseshefte. Utgitt av James E. Knirk. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1982).
  • Islandske Annaler indtil 1578. Udgivne for det norske historiske Kildeskriftfond ved Gustav Storm. (Grøndahl & Søns Bogtrykkeri: Christiania, 1888). Trykt i offset etter fotografering. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1977
  • Monumenta Historica Norvegiæ. Latinske kildeskrifter til Norges historie i middelalderen. Ved Gustav Storm (red.). Christiania, 1880. [Trykt i offset etter fotografering. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt: Oslo, 1973.]
  • Morkinskinna. Samfund til Udgivelse af gammel nordisk Litteratur. Skrifter nr. 53. Ved Finnur Jónsson. København, 1932.
  • Norges Historie. 15 bind. Ved Knut Mykland (red.). J. W. Cappelens Forlag A/S: Oslo, 1976-1980.
  • Norges Historie. Theodricus Munk: Historien om de Gamle Norske Kongene. Historien om Danenes Ferd til Jerusalem. Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Oversatt av Astrid Salvesen. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard): Oslo, 1969
  • Norges kongesagaer. 4 bind. Ved Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (red.). Gyldendal Norsk Forlag A/S: Oslo, 1979.
  • Snorri Sturluson. Edda. Udgiven af Finnur Jónsson. Forlagt af Universitetsboghandler G. E. C. Gad: København, 1900.
  • Soga om Olav Tryggvasson. Etter Odd munk Snorresson. Norrøne Bokverk 46. Omsett av Magnus Rindal. Det Norske Samlaget: Oslo, 1977.
  • Ågrip or Noregs kongesoger. Norrøne Bokverk 32. Omsett av Gustav Indrebø. Revidert av Arnt Løftingsmo. Innleiing og merknader av Bjarne Fidjestøl. Det Norske Samlaget: Oslo, 1973.
  • Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden. (Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen) Thorleif Dahls Kulturbibliotek. H. Aschehoug & Co.; Oslo 1993.
  • Claus Krag: Ynglingatal og Ynglingesaga. En studie i historiske kilder. Studia Humaniora. 2. NAVF/Universitetsforlaget: Oslo, 1991.

Notar

[1] Jf. m.a. Claus Krag i band 2 av Aschehougs Norges Historie.

Leave a Reply