Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Møte om DNA i ættegransking på Jutulheimen

12. oktober kl. 19:00 - 20:30

Gudbrandsdalen er kjend for å ha eit rikhaldig kjeldemateriale for ættegransking.

Noko av dette er utnytta før av granskarar som Ivar Kleiven og Engebret Hougen, men det er framleis mogeleg å oppdaga nye samanhengar.

No representerer DNA-testing eit nytt verkty for ættegranskarane, og gamle ætter i Gudbrandsdalen kan koma i eit nytt ljos.

Kjem farslina di frå Gudbrandsdalen? Då har du eit unikt høve til å få testa DNA-et i ætta di – heilt gratis – denne kvelden.

Norsk slektshistorisk forening spanderer ein test på alle som kan visa til at dei ættar frå dalen i mannslina. Saman kan me kartleggja nye, gamle ættesamanhengar!

Det vert føredrag av Klaus Johan Myrvoll, Rune Nedrud og Frode Myrheim,

som vil syna koss DNA kan brukast i ættegransking til å etterprøva gamle sanningar.

Det vil vera eit serskilt fokus på kjende ætter frå dalen, som Munk, List og Sandbu-Harildstad.

 

Møtet er ope for alle interesserte.

 

Arrangørar: Norsk slektshistorisk forening, Gudbrandsdal slektshistorielag og Vågå historielag

Detaljer

  • Dato: 12. oktober
  • Tid
    19:00 - 20:30
  • Kategori for Arrangement:

Arrangør

  • Norsk Slektshistorisk Forening

Sted

  • Jutulheimen
  • Øvre Nordheradsvegen 97
    Vågå, 2680 Norway
    + Google-kart