Slektsforsking med DNA – få meir ut av DNA-treffa dine

NSF held fram rekkja med temakveldar om DNA i slektsforsking. 

Denne gongen er det  Klaus Johan Myrvoll som skal visa koss ein kan bruka autosomalt DNA til å stadfesta skyldskap nokso langt ute i slekta. Trudde du at autosomalt DNA berre kunne brukast til å finna fram til den næraste slekta? Då tek du feil, og Klaus Johan vil visa deg kvifor.  

Møtet vil gå føre seg digitalt på Zoom  onsdag 27. september klokka 19.00. Arrangementet er eksklusivt for medlemer av NSF (lenke sendes på epost) Om du kjenner nokon som gjerne vil vera med, kan me tilby medlemskap i foreininga ut 2023 for halv pris (kr 225). Vedkomande vil då få vera med på alle medlemsmøta i haust og dessutan få tilsendt dei hefta av Genealogen og NST som kjem ut etter kvart som dei vert publiserte.

Ved ønske om medlemskap ut året eller andre spørsmål til pålogging for å delta på zoom, send epost til: support@genealogi.no

Neste DNA-medlemsmøte vert 18. oktober, og då vert det halde fysisk i lokala på Lørenskog. Frode Myrheim vil tala om koss ein kan bruka Y-DNA i slektsforsking.